Inntekt

Årsmøtet vart gjennomført sist helg og leiar i Norsk Sau og Geit; Ronald Cato Slemmen,  var med i møtet via TEAMS.  Han gav uttrykk for høge forventningar til betra økonomi i næringa framover.   Det vil kome eit rekordhøgt krav frå småfenæringa inn mot jordbruksoppgjeret.  No er det verkeleg vår tur til å få eit skikkeleg løft i inntektene, var den tydelege meldinga frå møtet.

Styret Sau og Geit Sogn og Fjordane 2022-23

  •  Ragnhild Sæle, leiar             
  • Erlend Brede Fossen, nestleiar
  • Jo Risløv, kasserar
  • Solgunn Haugen, sekretær
  • Anne Inger Moen, styremedlem

 

Rovvilt - tal jerv må mykje ned

Ei anna viktig sak som opptok deltakarane i møtet på Skei, og i møte i lokallaget i Luster der også Hovland var til stades er utfordringa med rovvilt.  Vestland Bondelag brukar mykje tid og krefter på dette arbeidet gjennom heile året.  Tal jerv i Indre Sogn er ALTFOR høgt og Miljødirektoratet med SNO som utøvande organ må verkeleg gjere ein stor innsats no og framover så lenge det er snø.  Den eine jerven som vart felt på lisensfelling hjelp lite så lenge det er dokumentert tosifra tal jerv i området, og nye individ stadig dukkar opp.  

Frå møtet i Luster Sau og Geit tidlegare i februar.  Hovudtema der var jervebestand som må ned og inntekt som må opp.  Det handlar rett og slett om å få attende framtidstrua i næringa.