OPTIMIST: Ragnhild Helgheim, .

 

- Vi har sett i praksis kva Storfeprosjektet har å bety for å stimulere til innvestering, og for å få bønder til å våge å satse, fortel Ragnhild Helgheim. 

Det er cirka 17 år sidan Storfeprosjektet starta i Sogn og Fjordane med Jo Helge Sunde som prosjektleiar. Eit prosjekt som skulle sikre at Sogn og Fjordane klarte å halde oppe sin del av mjølkeproduksjonen i Norge, også i framtida.

- Storfeprosjektet hjelper bøndene med å legge gode planar, samtidig som dei gjer bøndene god oppfølging, held Helgheim fram.

 

200 000 kroner til Storfeprosjektet

STORFEPROSJEKTET BETYR MYKJE:

 

- Det er viktig at Storfeprosjektet har nok midlar til å halde fram med den jobben dei har gjort, seier Helgheim.

Ho fortel at for Sparebanken Sogn og Fjordane er landbruket ei viktig næring, og ei næring som skal stå seg over tid.

- Eit Sogn og Fjordane utan landbruk er vanskeleg å sjå føre seg. Alt heng i hop. Har vi ikkje eit sterkt landbruk, får det konsekvensar for andre næringar også. Det er medverkande til at banken ser på dette som ei utruleg viktig basisnæring i fylket vårt, avsluttar Helgheim.