Stor suksess for frukt og grønt på Matfestivalen

Vestland Bondelag og Bybonden i Bergen hadde felles stand på Ung Matfest under Bergen Matfestival. Smaksprøver av frukt og grønt gjekk ned på høgkant!
Tema for standen vår i år var "Et norsk, et sesong, et opp" med fous på frukt og grønt. Kari Sigrun Lysne frå fylkesstyret hadde lasta bilen full av delig frukt og grønt frå Sogn, og vi hadde ein flott utstilling med mykje forskjellig. Vi hadde laga ein quiz med spørsmål som passa til utstillinga, og bordet var fullt av smaksprøver. Både barn og vaksne spiste eple, blomkål, squash, plommer, aprikoser med meir. På laurdag var det mest barnefamiliar på standen, og dei kunne setje seg ned og fargeleggje og sjå på oppskrifter med frukt og grønt.
Undervegs i festivalen hadde Kari Sigrun eit innlegg på scena i området. Ho viste fram frukt og grønt og snakka om korleis ein kan bruke norske varer i sesong. På laurdag hadde ho eit innlegg saman med Mette Nygård Havre frå Spis opp maten om mattredding og bruk av norsk frukt og grønt.
Mat- og landbruksminister Sandra Borch opna festivalen, og ho var også innom standen vår og svarte på quizen.
ByBonden Ida Kleppe og Kristin Hermansen hadde mikrodyrkekurs av potet på scena. ByBonde Mari Beitnes var også med på standen.
Det vart delt ut fleire priser under festivalen. Toppe Gartneri fekk Berekraftprisen, og årets lokalmatprodusent var Påldtun frukt og bær, årets lokalmatprodusent vart Myrdal gard og Haugen gardmat fekk pris for årets festivalrett.