Stor avstand og skuffa fylkesleiar
Onsdag 7. mai fekk jordbruksorganisasjonane staten sitt tilbod i jordbruksforhandlingane. Det var på 805 millionar kroner.
-Tilbodet gjev eit lågare inntektsnivå enn jordbruket sitt krav legg opp til. Eg er skuffa.
Det fortel Jan Erik Fløtre, leiar i Vestland Bondelag. Kravet frå jordbruksorganisasjonane var på to milliardar kroner. Det hadde auka inntekta i snitt per bonde med 27 500 kroner.
-Dette er ei politisk vending i feil retning. Tilbodet legg opp til at bøndene skal få lågare inntektsvekst enn andre grupper.
Ville løfte sau og ammeku
-I kravet vårt ville vi løfte produksjonene med lågast inntekt. Spesielt sau og ammeku. Eg opplever ikkje at staten deler denne ambisjonen. Det overraskar meg.
Sist veke la jordbruket fram eit krav for auka matproduksjon over heile landet, styrke sjølvforsyninga og auke beredskapen.
-Eg forstår ikkje at staten ikkje vil vere med på å utjamne skilnadane i landbruket. Både sau og ammeku utnyttar gras og utmark, men dette er også produksjonane som ligg lengst unna inntektsmålet.
Beredskapen må styrkast, og matproduksjon på norske resursar må lønne seg
-Tilbodet svekker beredskapen. Det er vanskeleg å ta innover seg, spesielt sidan vi står i den mest alvorlege sikkerheitspolitiske situasjonen sidan andre verdskrig.
Fløtre meiner at kravet la opp til ei positiv utvikling, men at tilbodet frå staten skapar uvisse.
-Dette er ikkje tida for å svekke matberedskapen. Derimot er det tida for å sikre mat til eiga befolkning. For å klare det må matproduksjon på norske resursar vere lønnsemd i.
Vegen vidare
Fløtre fortel at jordbruket no skal sjå gjennom alle detaljer i tilbodet, og bestemme seg for om dei har eit grunnlag å gå i forhandlingar med.
-Årets jordbruksoppgjer er viktig. Vi treng ei god avtale som aukar bonden sine inntektsmoglegheiter, og gjer oss i stand til å auke norsk sjølvforsyning.
*Jordbruket sine organisasjonar skal no gå gjennom tilbodet, og deretter melde tilbake til Staten sin forhandlingsleiar om det blir forhandlingar.