- Me ynskjer flest mogleg medlemer i Vestland Bondelag, seier dei to damene i kor. - Jo fleire bønder og bondevener me kan samle i organisasjonen, jo sterkare står me i arbeidet for det norske landbruket!

Marianne og Kjersti er begge aktive bønder og ser definitivt verdien av å vere medlem i Bondelaget. - Det ligg noko i uttrykket "saman er me sterke!". Å ha ein stor organisasjon der alle jobbar saman for å sikre eit landbruket over heile landet er utruleg viktig. Me klarar ikkje å oppnå det som enkeltståande bønder, seier Marianne.

Dei har òg merka ei endring i synet på landbruket som følgje av utfordringane som har prega landet og verda det siste året. - Det virkar som fleire har fått opp auga for kor viktig det er at me har vår eigen matproduksjon og at me kan vere meir sjølvforsynte. Det er meir fokus på alt det gode norsk landbruk står for med mellom anna eit stort fokus på dyrevelferd og lite bruk av antibiotika, seier Kjersti.

- Ja, den norskproduserte maten gir ei tryggheit til forbrukarane i at den blir produsert i eit av dei landa som har best dyrevelferd og lågast bruk av antibiotika. Dette er gode argument for at me skal oppretthalde landbruket vi har! I tillegg tek me ansvar for å gjere vår del av klimaarbeidet gjennom Landbrukets Klimaplan så norsk landbruk er framoverlent og framtidsretta, føl Kjersti opp. 

Men for å oppretthalde norsk landbruk må det ikkje berre jobbast på jorda, i hagane, i fjøsa. Det må jobbast politisk for å syte for at bøndene i landet får best mogleg rammevilkår til å utføre den viktige jobben dei gjere. Der kjem Norges Bondelag inn som ein viktig organisasjon. - Her er plass til alle, uavhengig av type og storleik på produksjon, kvar du bur, eller om du i det heile er bonde. Alle kan vere med i Bondelaget, og vi vil helst ha med alle slik at vi får fram breidda i landbruket. Kvardagen er ikkje lik for ein fruktbonde som for ein mjølkebonde, og gjennom å få med ALLE kan vi lettare jobbe med det som må til for å gjere kvardagen DIN som bonde betre, seier Marianne. 

Oppfordringa frå dei to kvinnene er dermed soleklar: - Er du opptatt av norsk matproduksjon og har lyst til at vi framleis skal ha eit landbruk i heile landet, ja då er Bondelaget organisasjonen for deg. Me håpar så mange som mogleg av innbyggjarane i Vestland har lyst til å bli med oss på laget og jobbe for det norske landbruket generelt, og Vestlandsbonden spesielt! 

Har du lyst til å melde deg inn? Les om medlemsfordelene og meld deg inn i Bondelaget. 

Har du spørsmål? Kontakt oss gjerne!