Hos lokallagsleiar i Hyen Bondelag, Torunn Ommedal Aandstad, er våren på veg. - Det er snø på fjella rundt dalen vår, seier Torunn, men i botnen av dalføret er snøen vekk. I familien er vi midt i ein mentalt krevjande periode, då kårfolket er i livets haust, med alt det inneber. 

- I fjøset er det roleg med «liten» mjølkeleveranse før det brakar laus med kalvingar og våronn. Jentungen, som går i åttande klasse, undersøker dagleg om sauene hennar er drektige, ved å kjenne på buk og utvikling av jur. Det vil opplevast som eit stort eventyr om ho kunne få ta i mot eigne lam, avsluttar Torunn. 

I denne fine grenda bur Torill og familien

Lars Bjarte Nesheim er leiar i Eksingedalen og Vaksdal Bondelag. Når vi først prøver å få tak i han, er han på skitur i fjellet med familien. - Ein av fordelane med å vere bonde, seier Lars Bjarte, er at ein kan kome seg ut på ski midt i veka.

Lars Bjarte og familien på midtvekestur til GullbråholmenLars Bjarte driv med mjølk og storfe. Som mange andre bønder i Vestland, er han lei av at hjorten et opp avlinga. – Vi held på å gjerde ut hjorten, seier han. Fleire grunneigarar går saman om å gjerde inn sin eigen eigedom, og til saman vert det eit større område som skal sikrast mot hjorten. - Det er ikkje billig, men det er ein motivasjon at det er kyrne som får maten og ikkje hjorten, seier Lars Bjarte.

Isen er borte, men det er for tidleg å starte på våronna. – På måndag flytta eg møk til eit deponi, det begynte å fylle seg opp. Eg planlegg også bygging nytt reiskapshus.

Sjølv om det er litt stille på garden no, er det høgsesong for årsmøte i lag og organisasjonar. Det er ofte dei same personane som er tillitsvalde, så for ein leiar i det lokale bondelaget vert det fleire årsmøte no framover.

Frå garden til Lars Bjarte på Eidslandet i Eksingedalen

Alle mann i arbeid hos Lars BjarteRenate Rendedal er lokallagsleiar i Balestrand Bondelag. Du såg ho kanskje på pc-skjermen då ho leia årsmøtet til Vestland Bondelag førre veke. No er ho tilbake på garden inst inne i eit dalsøkk i Balestrand. - Sjølv om det framleis er litt kaldt, er bøane er bare, seier Renate. Det kan vere nesten ein månad i forskjell på når våren kjem frå den eine enden av kommunen til den andre.

På garden er det sau og grønsaksproduksjon. Renate har gått på kurs og lært om marknadshage, og starta opp i fjor. No planlegg ho kva for grønsaker ho skal ha i år. Våren er heldigvis på veg og det er tid for å førebu vårarbeidet.

– Det er litt stille no, seier Renate, - stille før stormen. Snart er det fullt opp med våronn og lamming.

Renate får ein klem

Dei firbeinte gler seg også til meir varme i været