Norges Bygdeungdomslag, McDonald's i Norge og Felleskjøpet Agri står bak kåringa "Årets Unge Bonde". Torbjørn er den einaste kandidaten frå Hordaland som nådde opp etter nominasjonsrunden. Etter ein stemmerunde som varar fram til 23. oktober klokka 23.59, vel ein fagjury ein vinnar blant finalistane. Juryen i år er:

  • Jon Georg Dale, landbruks- og matminister, FrP – juryleder
  • Arne Hjeltnes, TV-personlighet, forfatter og matelsker
  • Dag Jørund Lønning, forfatter og rektor ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling
  • Anne Jødahl Skuterud, styreleder i Felleskjøpet Agri
  • Tina Bru, stortingsrepresentant, H
  • Lauren Cody Källén, administrerende direktør i McDonald’s i Norge
  • Tora Voll Dombu, leder i Norges Bygdeungdomslag

Folket og fagjuryen sine stemmer tel 50 prosent kvar, men juryen har den avgjerande stemmen.

DTorbjørn Grønstad på årsmøte i Bondelaget, her saman med Clara Hveemu kan stemme her:

Les meir om Torbjørn (frå kåringa på facebooksida til Grønn Utdanning):

Torbjørn Grønstad er 30 år, stolt bonde og bur i Etne Kommune i Hordaland. Han er gift med Renate, og saman har dei Theodor på 3 år.

Dei tok over familiegarden i 2013 og driv med melke- og kjøttproduksjon, med ei kvote på 380 tonn. I 2014 valgte Torbjørn og seie opp jobben i oljeindustrien for å satsa heiltid på gårdsdrift. Han seie mange har stussa over valget, men det å få anledning til å ha dyr og produsere mat er eit så stort privilegium, at han ikkje har angra ein einaste dag.

Utover ein travel kvardag som bonde er Torbjørn engasjert som leiar i Etne Bondelag, og brenn for å vise fram landbuket i nærmiljøet sitt. «Bondeyrket er for meg svært viktig. Difor vèl eg å engasjera meg litt utover gardsdrifta», seier Torbjørn.

På fritida er det familien som teller, og tida sammen med dei er gull verdt for Torbjørn. Nå som hausten står for tur, vil Torbjørn gjerne til fjells på hjortejakt.