Fylkesleiar Anders Felde deltok frå fylkeslaget i møtet.  Han kan melde om sterkt engasjement, der det mellom anna kom kritikk av resultatet av det forenkla jordbruksoppgjeret for sauebonden.  Medlemene var også opptekne av at Norges Bondelag i sak som vedkjem fiske etter laks ikkje berre tek parti for dei som eig elvane.  Mellom medlemene i Flora er det fleire som har grunneigarrettar knytt til laksefiske i fjorden.

Når det gjeld prioriteringane framover, er deltakarane i årsmøtet i Flora Bondelag mellom anna opptekne av betre vilkår for å investere på mindre bruk, arbeidsdelinga mellom ulike landsdelar når det gjled produksjon og inntekta til småfenæringa.

Glimt frå årsmøtet i Flora Bondelag på Askrova.  Koronaoppsett er på plass.

 

Styret i Flora Bondelag etter årsmøtet:

  • Leiar : Leidulv beverli Stavø
  • Styremedlemer: Andre Espeseth, Øyvind Mjønerud, Torgunn Elisabeth Eikevik og Ove Kjetil Færøyvik.