LEIAR I VESTLAND BONDELAG: Anders Felde.

 

- Regjeringa kjem ikkje landbruket i møte verken på investeringsbehovet eller på klimafondsordning. Det fortel Anders Felde, leiar i Vestland Bondelag.

I forslaget til statsbudsjett uttalar regjeringa at jordbruksoppgjeret i år vil legge til rette for ein gjennomsnittleg inntektsvekst på 18.700 kr per årsverk i landbruket. Ein betydeleg sterkare kostnadsvekst enn forutsett har allereie ete opp denne inntektsveksten.

- Det var skuffande å sjå at regjeringa heller ikkje i sitt siste statsbudsjett tek etterslepet på investeringar i landbruket på alvor, held Felde fram.

I sommar fekk Bondelaget aksept frå Solberg-regjeringa om tilleggsforhandlingar angåande  kompensasjon for kraftig auka kostnadar. Forhandlingane starta i august, men regjeringa skubba frå seg ansvaret og sluttførte ikkje desse.

- Det er eit skrikande behov for investeringar i matproduksjonen, og særskilt er behovet for nye lausdriftsfjøs stort, seier Felde.

 

- Uforståeleg

- Auken i CO2 avgift som gir dyrare bensin og diesel, også for landbruket, gir auka kostnadar i matproduksjonen.

Felde forstår ikkje at ein ikkje legg opp til kompensasjon eller ventar med avgiftsauken til ein har alternative drivstoff som gjer at ein kan velje annleis enn det ein kan i dag.

- Å auke avgifta når landbruket i realiteten ikkje har andre val er dårleg butikk for bonden, slår Felde fast.

Finn du noko positivt i forslaget til Statsbudsjett?

- Det er positivt at regjeringa styrkar satsinga på breiband og førebygging av ras/flaum, men vi hadde venta eit langt meir offansivt budsjett på vegne av norsk matproduksjon. Det er ei klar melding frå Bondelaget til ny regjering at investeringspakke til norske bønder må på plass i statsbudsjettet i 2022. Vidare må kompensasjon på auka kostnadar også på plass, avsluttar han.