Den same skatteskjerpinga vil gjelde for alle som driv enkeltmannsforetak.  - Eg håpar inderleg at dette er eit arbeidsuhell frå regjeringa, som dei ryddar opp i før statsbudsjettet vert endeleg, held fylkesleiaren fram. 

Bondelaget sentralt har rekna på konkrete tilfelle av arveskifte. Tala syner at alminnelege aktive gardsbruk kan tape om lag 500.000 kroner i løpet av avskrivningsperioden.  Fjerning av arveavgifta blir meir enn eten opp av den auka skatten. Med utgangspunkt i om lag 2000 gardsoverdragingar årleg, vil dei nye bøndene tape nærare 1 milliard kroner årleg i høve til dagens regelverk.

– Størst verknad får det likevel at ein ikkje kan skrive opp verdiane ved overføring av maskiner, buskap og varelager. Dette vil seie at det er dei mest aktive bøndene som blir mest ramma av det nye regelverket,seier Hilleren.

Da er fint mogleg å løyse denne saka på ein god måte.  Det kan gjerast ved:

  • at ved overdraging av gardsbruk vert inngangsverdien sett til 100%.
  • at varelager, buskap og maskiner som vert overførte ved eit generasjonsskifte vert skrive opp til reell omsetningsverdi som tidligare (diskontinuitetsprinsipp).

Viktig at ein held fram med diskontinuitetsprinsippet for maskiner og reiskapar ved eigarskifte.