LEIAR I VESTLAND BONDELAG: Jan Erik Fløtre.

 

-Spydspissbøndene er veldig engasjerte bønder som nyttar klimakalkulatoren og jobbar konkret med tiltak på eigen gard.

Det fortel Jan Erik Fløtre, leiar i Vestland Bondelag.

Klimautfordringane angår heile samfunnet, og landbruket tek sin del av ansvaret. I heile landet har jordbruket forplikta seg til å kutte utslepp gjennom klimaavtalen med staten. Allereie er over 10 prosent av utsleppa kutta. No vert innsatsen styrka gjennom opplæring av klimasmarte spydspissbønder i alle fylker.

-Dei har kunnskap, erfaring og vilje til å dele, og er ein ressurs for andre bønder i fylket. Landbruket sin klimakalkulator er alt teke i bruk av 10 000 bønder i heile landet, seier Fløtre.

Målet er at alle skal ha moglegheit til å kartlegge eigne utslepp og finne tiltak som både kuttar utslepp og forbetrar drifta. Spydspissbøndene samarbeider tett med rådgivingsapparatet og jobbar for å redusere utslepp per produsert eining og ikkje ved å produsere mindre mat.

-For oss handlar dette om å produsere meir mat med lågare klimafotavtrykk, samstundes som vi styrkar sjølvforsyninga og beredskapen i Noreg. Det er både berekraftig og naudsynt, held Fløtre fram.

 


Klimaarbeidet i landbruket gir resultat, men vi er ikkje i mål

Landbruket er i full gang med omstillinga til ein meir klimavennleg matproduksjon. Gjennom klimaavtalen med staten har næringa forplikta seg til å redusere utsleppa med fem millionar tonn CO₂-ekvivalentar fram mot 2030. No syner talla at over 10 prosent av kutta allereie er levert.

-Dette syner at tiltaka nyttar. Vi kuttar utslepp utan å kutte i matproduksjonen, seier Fløtre.

Klimaarbeidet i landbruket handlar om å redusere utslepp per produsert eining, altså å produsere meir mat med lågare klimafotavtrykk. Det skjer gjennom tiltak som betre fôrutnytting, betre dyrehelse, bruk av husdyrgjødsel til biogass, og karbonlagring i jord. 10 000 bønder har allereie logga seg inn i klimakalkulatoren. Det gir et godt grunnlag for å måle effekt og prioritere verknadsfulle tiltak.

-Dette handlar ikkje berre om klima. Det handlar om å sikre matproduksjon i heile landet, styrke beredskapen og ta vare på ressursane våre. Difor satsar vi videre, avsluttar Fløtre.