Hovland bur i Naddvik i Årdal kommune, og sist veke vart det gjennomført ultralyd med teljing av foster på sauene i bygda.   - I følge logg gjekk det 3 min lenger å skanne sauene i Naddvik iår enn ifjor.  290 sau vart skanna på under 3 timar inkludert opprigging av utstyr i to fjøsar.  Då snakkar vi effektivitet seier Hovland.

Ved hjelp av god organisering, rett tal menneske, eit par rutinerte auge, teknologi og kompetanse på plass går fosterteljinga unna i stor fart. 

Ole Bjarne Hovland og mora føl spent med på resultatet. Tor Erik Ertzaas er mannen som med konsentrasjon og fokus raskt finn ut kor mange foster kvar søye ber på.

Lastar resultata inn på PC-en

Då har bonden eit godt bilete av kor mange lam som er i vente til våren.  Slik kan sauene samlast i bongar etter kor mange lam dei ventar og på det viset få ei tilpassa og god foring fram til lamminga tek til.