Høyanger Sørside er ikkje åleine.  Liknande historie som den vi fortel i dag finn du i heile fylket.  Du finn dei heilt sikkert i din heimkommune også,  

Dette vesle eventyret tek til med ein gamal fjøsvegg og ein nasjonal sommarkampanje i Norges Bondelag.  I sommar er ekstra mange på tur i eige land, og vi i Bondelaget vil vise fram at bonden står bak mykje av kulturlandskapet turistane reiser gjennom.    Vi ynskjer å gjere folk meir merksame på kor mykje av landskapet vi ser som er forma av jordbruket. Landskapet utgjer ein viktig del av ferieopplevinga, og kva ein ser ut av bilvindauget når ein reiser i Norge, og det er avhengig av eit aktivt jordbruk. Dette er ein del av samfunnsoppdraget til bonden.  No oppmodar vi både medlemmer, lokale og turistar til å stoppe opp og sjå på landskapet gjennom ramma, knipse eit bilete og dele det i sosiale media med #komhit.   Om du ikkje finn ramme, kan du bruke di eiga digitale ramme.    Vi ber samtidig folk om å ta omsyn ved å ikkje gå over jorder, hugse på å lukke grindar, og generelt ha sporlaus ferdsel. 

Kvardagseventyret er nærmare enn du trur

Dagens kvardagseventyr startar med ein raudmåla sliten fjøsvegg som legg ut på si siste reise.  Gledeleg nok startar den siste reisa fordi veggen skal verte erstatta med ein ny vegg som del av ein ny fjøs.  At gamle veggar vert erstatta med nye veggar er grunnlaget for vidare verdiskaping. 

Denne fjøla og nabofjøla vart så heldige at dei fekk ny jobb som ramme for å synleggjere flott verdiskaping i kommunen.       #komhit #takkbonden #norgetrengerbonden

 Klar for tur :)

Første stopp er ferja Lavik-Oppdal.  Der slepp ikkje ramma ut av bilen, for på ferja er det innbygde rammer som du kan bruke når du tek trimturen på dekk.

På Oppedal dreg ikkje Hanne og ramma til byen.  Dei tek til venstre i retning austover til Ortnevik.  Dette er ein tur Hanne ikkje tek så ofte, men du verda kor flott det skal vise seg å bli. 


Kristin M. Oppedal og Bjarte Grimelid driv gard på Indre Oppedal, ei flott bygd med mange aktive gardar. - Det er ein god plass å vere bonde, her hjelpe me kvarnadre, seier Kristin.  #norgetrengerbonden

Jordbruksvegar er gode å gå tur på når du møter utsikta frå Fossane på Indre Oppedal. Snakk gjerne med dei som bur i bygda, for å finne ein stad å setje bilen, som ikkje står i vegen for arbeidet som til ei kvar tid vert gjort for å halde landskapet i hevd.

Frå Indre Oppedal er det ikkje lange biten før Ikjefjorden møter oss.  Ny fjøs og rundballar vitnar om nokon som vil vere med og produsere mat og skape verdiar no og i framtida.  Desse moderne bøndene med ny fjøs og robot held også bakkane i hevd.  I desse dagar er det traktor og Vossakasso som er i bruk for å halde det bratte kulturlandskapet ope.

Bjarte Myren hadde arbeidsskjorta på i viktig arbeid.   Applaus til alle bønder som også held brattbakkane i kulturlandskapet ope.  Da gjer seg ikkje sjølv, men da er nok kjekkare i sol enn regn.

Frå Ikjefjorden reiser Hanne vidare forbi Bjordal der skulen og barnehagen ligg, til vegs ende i Ortnevik.  Ei fantastisk fin bygd med landbruk, butikk, reiseliv og kveiteoppdrett på land.   I Ortnevik fekk Hanne møte tidlegare leiar i Høyanger Bondelag Inge Brekke.  På hans gard er det kome ny fjøs og ny generasjon bønder er i ferd med å ta over.  Det er jammen lov å vere blid då :)   Kanskje måtte dei rive ein gamal vegg der også for å kunne kople saman gamalt og nytt?  Ein flotte fjøs er det i alle høve vorte.  Hanne er litt imponert der ho står bak kameraet og prøver å finne rette vinkelen for å få med heile fjøsen.  

Inge Brekke med fjøsen som gradvis har vakse i takt med endringane i mjølkeproduksjonen.  Fantastisk flotte bygd og kjekt å sjå denne fine fjøsen på familiebruket i Ortnevik.  Frå ferjekaia på Oppedal til bygda ved enden av vegen er det 57 km.  Godt å ha sin eigen vesle butikk i bygda, Folkebutikken er eigd av fleire av innbyggjarane.   Anna næringsliv som oppdrett, maskinfirma og offentlege arbeidsplassar sysselset saman med landbruket mange på denne sida av Sognefjorden. I tillegg kan bygda skilte med sin eigen skulpturpark og stavkyrkje, laga av Anders Brekke. Mangfald er bra.

Sentralt i biletet ved fjorden i Ortnevik kan du sjå eit gedigent basseng der det vert drive med kveiteoppdrett. Det er Sogn Aqua som har satsa stort på dette i bygda.

Utsiktsbilete frå Brekke mot bygda ved fjorden.

Bratt opp bak gardane lurer Stølsheimen, som er verna med sine kulturlandskapsverdiar.  Kanskje bonden sitt arbeid burde vore høgare verdsett då vernet kom.  Utan bonden og landskap i bruk, vert verneverdiane små i slike landskapsvernområde. #norgetrengerbonden

Etter flotte opplevingar i Ortnevik tok Hanne til på heimveg, men da tok si tid, for da er jo berre så utruleg mykje flott i denne delen av Høyanger kommune - utanfor allfarveg, men du verda for eit næringsliv, landskap og kor kjekke folk. På heimveg svinga Hanne innom lokallagsleiar Yngve Fardal.  På garden Førde i Bjordal, driv dei med mjølk og kjøt. 

Yngve Fardal er leiar i Høyanger Bondelag

 

Nyslått til venstre og litt mindre nyslått til høgre -her har gylla kome på og graset gror til andreslåtten. Inkje er so flott som nyslegne bøar på alle måtar.  Da vitnar om framtidstru :)

 #norgestrengerbonden

Siste stopp før ferja vart Ytre Trædal, hjå sauebonden Terje Instefjord som går og ventar på at graset skal gro seg slåtteklart. Denne idylliske fjelldalen blir heldt open og krattfri takka vere bønder som Terje. #norgetrengerbonden

Dette er berre litt av det fine eventyret du kan oppleve ein heilt vanleg torsdag i juni i ein kommune nærme deg.  Ta turen, gjer deg kjend i eige nærmiljø i sommar. Køyr dei avstikkarane du aldri har tatt før. Du finn mykje å glede deg over #komhit  #norgetrengerbonden