PÅ TALARSTOLEN: Gry Ingvild Agjeld, 1.vara i Sogn og Fjordane Bondelag.

 

Regjeringa sa nei. Det var eit nei til å innføre tak for kor mange dyr, og kor stort areal ein kan få tilskot til. Samtidig ligg kanaliseringspolitikken nede for telling, med ein kornpris som er halvparten av mjølkeprisen, og som held prisen på kraftfôret låg. Det var eit nei til landbruk i heile landet.

Som lammekjøtprodusent i Stryn burde eg vel juble for ein låg kraftfôrpris, men eg gjer ikkje det. Resultatet av jordbruksoppgjeret, trass gode intensjonar i kravet frå Bondelaget og Bonde- og småbrukarlaget, er ein framleis svak økonomi for kornbonden. Og sjølv kornbonden ønskjer å tene pengar på drifta si. Kornbonden har eit val, han kan dyrke gras. Eg har ikkje dette valet, hos meg blir det gras eller ingenting. Skal eg klare å tene pengar på drifta mi, må graset foredlast til kjøt som eg kan selje i ein marknad utan overproduksjon. Vi er mange som ikkje kan velje i landet vårt. Nå aukar produksjonen av gras til fôr for ammeku og sau, på jord der det kunne vore dyrka korn. Samtidig så aukar importen av proteinfôr til husdyr. Sjølvforsyningsgraden er urovekkande låg.

Regjeringa har som mål å auke norsk matproduksjon, og med det eit mål om landbruk i heile landet. Vi har tre prosent landbruksareal i Noreg, fordelt utover heile landet. Store delar av dette er grasareal der ingenting anna kan dyrkast. Når desse grasareala blir lagt brakk, blir det ingen landbruksproduksjon tilbake. Det blir heller ingen bruk av store tilknytta utmarksareal. Det blir uproduktiv krattskog! Det fører til at vi ikkje produserer mat der lengre. Det blir ikkje landbruk i heile landet.

Den blå regjeringa lever opp til sitt rykte, sjølv med Krf på laget. Dei viser tydeleg gong på gong at dei ikkje forstår, eller har vilje til å forstå, at vi må ha ei stram produksjonsregulering i vår vesle landbruksmarknad. Skal vi auke sjølvforsyningsgraden og ha landbruk i heile landet, treng vi framleis ein levande kanaliseringspolitikk. Skilnaden i lønsemd mellom dei store og dei små og mellomstore gardane må bli mindre. Det må vera lønnsomt å produsere og investere på dei små og mellomstore gardane, også dei små og mellomstore korngardane.

Listhaug sat ikkje lenge på posten som landbruksminister, men ho rakk å gjera skadeverk som vi bruker lang tid på å rette opp igjen. Vi må jobbe vidare med å endre retninga i landbrukspolitikken, og innsjå at alle gardar ikkje er store og ikkje bør bli store. Vi bør ha eit tak på tilskot for dyr og areal, vi bør ha ei sterkare differensiering av arealtilskotet,  vi må styrke bruk av utmark, vi må styrke kornøkonomien.