Som forbrukar har du makt gjennom dine val og handlingar
- Som forbrukarar kan vi alle vere med å påverke utviklinga gjennom kva vi kjøper. Saman er vi sterke. Skal vi ha Norsk mat på bordet i morgon – Kjøp norsk mat i dag, skriv nestleiar i Vestland Bondelag Kjersti Hjelmeland i fylket sine aviser
Som forbrukar har du makt gjennom dine val og dine handlingar. Kjedemakta vil styre etter kva forbrukarane ynskjer om mange nok ynskjer det same! Ver ein aktiv forbrukar. Spør etter norske produkt om du er oppteken av auka norsk matproduksjon, eit godt forsvar og lys i fjøsvindauga over heile landet.
Verda er stadig i endring. Oljeeventyret vårt er over «middagshøgda», fastlandsindustrien vere viktigare for velferda vår framover. Sidan fastlands-Norge lenge har vorte sponsa av oljeinntektene er det spesielt viktig å ta vare på og utvikle jordbruket som er ein grunnpilar for ein betydeleg del av anna fastlandsindustri.
Ute i verda står diverse kriser og ufred i kø og resultat av dette ser vi i form av den største folkevandringa verda har sett i nyare historie. Verda treng kvar ein jordflekk det kan produserast mat på. I mange land er det krig og ufred som hindrar utnytting av matjord, andre stader er det stadig ulike naturkatastrofar som øydelegg for matproduksjon.
Det norske landbruket er under press på grunn av større import av landbruksvarer. Om storparten av importen blei erstatta med norske varer, vil det resultere i meir verdiskaping spreidd over heile landet. Det ville vore kjærkome i dagens situasjon der fastlandsøkonomien skal styrkast.
Som forbrukarar kan vi alle vere med å påverke utviklinga gjennom kva vi kjøper. Saman er vi sterke. Skal vi ha Norsk mat på bordet i morgon – Kjøp norsk mat i dag!
Kjersti Hjelmeland
Nestleiar i Vestland Bondelag