Ragnhild Kvame frå Oldedalen vart attvald som leiar i Sogn og Fjordane Bygdekvinnelag på fylkesårsmøtet i Sogndal i helga. Med seg i styret har no nestleiar Aud Lunde, styremedlemar Frida Refsum, Vivi Helen Storaas og Eldbjørg Stegane Engebø. Ruth Skår Skadal er første vara. Mariann Hogrenning Haugen hadde takka nei til attval, og gjekk ut av styret. Prioriterte arbeidsområde i 2014 er blant anna  Sunn Matglede, råvare aksjon for norsk frukt og bær og medlemsverving. Deltakarane på fylkesårsmøtet i Sogndal fekk høyre om korleis Else Tystad i Gloppen Bygdekvinnelag verva heile 42 medlemar i 2013!

Fylkesleiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Per Hilleren, helsa bygdekvinnene sitt årsmøte: -De er blant dei beste til å lyfte fram mat og matkultur, sa Hilleren. Solveig Linge Stakkestad frå styret til Norges Bygdekvinnelag var med på årsmøtet. -Eg ser kor viktige de er for lokalsamfunna og fylket. Hald fram med den gode jobbinga, sa Stakkestad.

Else Tystad fortel korleis ho verva 42 nye medlemar til Gloppen Bygdekvinnelag hausten 2013. -Det var ikkje så vanskeleg, meiner Tystad. Ho spurde dei ho kjende og fleire til.