Når vi ringer Stig Asle Midtbø, sit han i traktoren og køyrer gylle til eit satellittlager. Stig Asle er leiar i Nordalsfjord Bondelag og driv med mjølk og kjøt. - Det vert ein del køyring, seier han, både mellom teigane og brøyting.  - I natt kom det snø, og eg måtte ut og brøyte fylkesvegen før fjøsstellet. Det har vore bart her lenge, men etter påske har det kome meir snø. Det er ikkje så vanleg med snø no midt i april, svarar han når vi spør, men i fjor brøyta eg 16. mai!

Lokallagsleiar i Ullensvang Hagebrukslag, Torbjørn Børve, tok over garden for eit par år sidan. Han har nett slutta i den andre jobben sin og vorte bonde på fulltid. Både Torbjørn, kone og barn trivst med å flytte tilbake til garden, og dei har planar om å utvide drifta. - Akkurat no feller vi trær før vi skal grave tomt til nytt fjøs, seier Torbjørn. I dag har dei 15 mjølkekyr, og i haust hadde dei 20 kalvingar. Dei vil utvide til 20-23 kyr, det dei har areal til.

I går var Torbjørn på fjellet med materialar til ei hytte som han eig saman med fleire andre grunneigarar. Hytta ligg på Hardangervidda der kyrne går på sommarbeite. - Det var flaks at vi drog

i går, for i dag var løypene stengd på grunn av reinsdyr, seier Torbjørn. Her kan du sjå bilde frå garden og frå turen i går:

Jarle Nordgulen er leiar i Nordre Gulen Bondelag og driv med mjølk og kjøt. Det er framleis litt snø i Eivindvik og ikkje så lett å få starta med våronna, fortel Jarle. No går dagane med til å oppdatere gyllevogna og anna utstyr til ny sesong. Ei anna oppgåve er å førebu grøfting i vår. Nokre av dei gamle grøftene må forbetrast og han skal også grave nye. Det er sjølvsagt mange gode grunnar til å grøfte, men det kan også vere førebyggande mot hjort, seier Jarle. Hjorten går der det er bløtt og lager brunstgrop på innmark. Som hos mange andre, kan hjorten vere eit stort problem hos Jarle. - Enkelte år er den veldig plagsam, seier han, spesielt i august dersom vi ikkje har fått slått tidleg nok på grunn av veret.

Jarle med familie på beitet til ungdyra

Sturle Minde er leiar i Sotra og Øygarden Bondelag. Han eig og driv Ulveseth-Tunet Aktivitetsgard saman med kona Elin J. Ulveseth Minde. Dei driv med sau, og har om lag 100 vinterfôra NKS og spæl. Inn på tunet- tilbodet har dei innanfor skule, dagtilbod og arbeidsrett-tiltak for NAV. I tillegg har dei 40 villsauer i eit felles beitelag med fleire andre grunneigarar, og 20 kasjmirgeiter som beiteryddarar, nokre høner, kaninar, katter og hundar.

- Akkurat no er vi i full gang med lamming, seier Sturle, så det er travle dagar og netter. I tillegg har vi nett skrive og levert inn anbod på skuletilbod på gard i kommunen. No skal vi berre få ut litt kunstgjødsel og håper på litt varme framover, slik at det vert gode vårbeiter når sauene skal ut. 

Ulveseth-Tunet Aktivitetsgard

Arne Frode Øvreseth er leiar i Breim Bondelag driv også med mjølk og kjøt. Sjølv om det er klart for våronn i andre delar av fylket, ligg det 40-50 cm med snø hos Arne Frode. Han driv difor med brøyting. Ei anna oppgåve akkurat no, er flytting av gjødsel. - No er det fullt i gjødsellageret og tomt i siloen, seier han, så eg må flytte gjødsel over til naboen. Husdyrgjødsel er ein verdifull ressurs, og Breim Bondelag er med og søkjer prosjektmidlar for å kartlegge gjødselressursar og transportlogistikk i samband med eit nytt biogassanlegg. Lokallaget er også engasjert i ny arealplan for Gloppen. - Dersom planen går igjennom som den står no, er det 100 dekar med jordbruksjord som går med, seier Arne Frode.

Våren i Breim, Øvreset mot Byrkjelo.