Slåtten er godt i gang, nokon begynner å nærme seg enden av 1. slåtten. Kanskje er det eit lite pusterom der ein kan ta ein tur i nærområdet? Vi har snakka med 3 lokallag for å sjekke status på slåtten og for å få gode ferietips. Det er mange flotte plassar i Sogn og Fjordane som er verdt å besøke. 

I Olden kan nestleiar i Olden Bondelag Silje Åsnes Skarstein fortelje at dei kunn har litt kantslått igjen, men at dei elles er ferdig med årets førsteslått. Truleg er det godt med tørrstoff, så det ikkje har komt ein dråpe regn sidan mai. Samanlikna ein mengde gras, var det betraktelig meir i fjor.

Som ferietips i bygda kan ho tilby bading i heilt gratis, ekte Oldenvatn direkte frå kjelda. Det er nyslåtte bøar ein kan spankulere på, fantastisk utsikt og mange flotte toppturar. Dei har eit eige snøras som framleis ikkje har smelta. Om det fristar med ein sommarsnøballkrig kan dette vere staden å oppsøke. Men ver obs på dei lukklege kyrna som også går bak gjerdet. Det meldast om ein eventyrleg start på fisket i Oldeelva, men er desverre  er det ikkje mogleg å kjøpe fiskekort her. Men om ein er ute etter å teste fiskelukka, er moglegheita for å fange storfisken heldigvis tilstades både i sjøen og i vatnet. 

Nyslått bø hos familien Skarstein (Foto: Silje Åsnes Skarstein)

No har ein lov å trakke på bøane igjen. Høg vassføring som følgje av snøsmelting. (Foto: Silje Åsnes Skarstein)

Snøraset ligg framleis på bøen hos familien Skartstein. (Foto: Silje Åsnes Skarstein)

 

Deilig med ein dukkert i sommarvarmen (Foto: Silje Åsnes Skarstein)

Innimellom badeøktene kom denne til verda på torsdag. (Foto: Silje Åsnes Skarstein)

Olden kan skilte med Norges kaldaste og minste strand (Foto: Silje Åsnes Skarstein)

Hos nestleiaren i Vikane Bondelag, Anders Hage har dei nytta fineveiret til å slå. Slåtten er stortsett ferdig, men han har noko tørrhøy som skal i hus. Han håpar difor at regnet held seg vekke nokon dagar til. Det var litt lite gras i år, men det var forventa. Sauane beita meir i år på grunn av mykje snø i fjellet. Men han har heldigvis rikeleg med fôr, og er godt nøgd. Sauane er sendt til fjells og kan nyte godveiret der.

Ferietipset frå Anders er å besøke Hoven i Loen. Det er ein fin plass seier han. 

Slåmaskina er i bruk i eit vakkert landskap (Foto: Anders Hage)

 

Ballar skal det bli (Foto: Anders Hage)

Kan ikkje klage på arbeidsforhold og utsikt (Foto: Anders Hage)

Sauane er komne til fjells (Foto: Anders Hage)

Torunn Ommedal Aandstad, leiaren i Hyen Bondelag, har denne veka hatt tilsyn på fjellet på Ommedals støylen. Det byrjar å nærme seg setersesong igjen. Normalt startar sesongen i byrjinga av juli. Mjølka vert levert frå støylen i 8 veke og folk og fe flyttar fysisk opp. Dei har 10 kviger på beite som vert tatt inn i eit sommarfjøs om natta. Mjølkekyrna får gå inn og ut på eit beite bak fjøset i tunet deira. 

Torunn anbefalar Nesholmen som ein plass ein kan besøke. Dessutan er hyen omringa av eit fantastisk turområde. For dei som ynskjer å teste ut fiskelukka, kan ho anbefale Ommedalselva. 

Tilsyn på Ommedalsstøylen, før folk og fe skal flytte til setra. (Foto: Torunn Ommedal Aanstad)

Kviger på beite. (Foto: Torunn Ommedal Aanstad)

På veg inn igjen frå beite. (Foto: Torunn Ommedal Aanstad)

Brynhild med dei 2 koppelamba Lykke og Rosalin.  (Foto: Torunn Ommedal Aanstad)

Karine held på å ta kviger på beite (Foto: Torunn Ommedal Aanstad)

Slåtten er i gang. Tunet til Torunn ligg i det fjerne. Dei bakketørkar avlingane sine, før dei haustar og legg det i tårnsilo. (Foto: Torunn Ommedal Aanstad)