Skogdag på Stord
Stord Bondelag og Huglo Bondelag var også i år med og arrangerte den populære Skogdagen. -Det var ein kjekk dag, med masse folk i gata, sa Torunn Eikeland frå styret i Stord Bondelag.
Lokallaga serverte graut til folket, og folk hadde god tid og koste seg med maten og praten, fortel Torunn. Bøndene kom saman og hadde gode fagsamtalar medan dei fekk servering.
I følge avisa Sunnhordland hadde Bondelaga kokt 54 kilo med graut før klokka 12. Avisa var på plass fekk bilete av dei tillitsvalde på forsida. Det var fleire andre organisasjonar som hadde stand med servering og aktivitetar.