Da er rett og slett feil, held Felde fram.  Av alle faktorar som påverkar prisauken so betyr altso bonden si betaling minst av alle faktorane, seier ein tydeleg fylkesleiar.

Coop sin kommunikasjonssjef Bjørn Takle Friis (TV2, NRK m.fl) har gått ut og sagt at blant anna jordbruksoppgjeret og bøndene er grunnen til at prisane på mat aukar meir enn andre varer.    Endring i pris gjennom jordbruksoppgjeret er berekna til å gi ein kostnadsauke på 50 kroner i gjennomsnitt pr. år for ein vaksen person i Norge.      Jordbruksoppgjeret la opp til ein lågare pris på mjølk og inga auke på kornprisane.  

Ser vi på prisauken frå februar i 2020 og fram til i dag so kjem den først og fremst frå importerte matvarer som har stege med 8,4 prosent, medan prisen på norske jordbruksvarer har falle med 0,9%.

Eigarane av matvarekjedane sit igjen med rekordinntekter.  Det er i det biletet svært skuffande at dei peikar på bøndene når dei skal forklare prisveksten, held Felde fram.   

Coop burde løfta fram norske bønder som avgjerande viktige for at vi skal auke matproduksjonen i framtida slik at vi får meir stabile prisar og god tryggleik for at forbrukaren kan ha tilgang på trygg norsk mat.  Matvareberedskap er avgjerande.  Situasjon med pandemi i verda bør ha tydeleggjort dette også for matvarekjedane, avsluttar Felde.

Fylkesleiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Anders Felde