Loen Bondelag har tradisjon for å ha julemiddag på årsmøtet sitt. 2020 var ikkje noko unntak.  I eit arbeidsår der situasjonen med Covid 19 har medverka til redusert aktivitet var det kjekt å kunne møtast att.  

Opptekne av innvik Fruktlager og investeringsverkemidlar

Det var innspel frå salen om at det er viktig at laget involverer seg i utviding av Innvik fruktlager og støtter søknaden om investeringsmidler.  At det er viktig at vi følgjer landbrukets klimaplan og våger oss frampå med klimakalkulatoren.  Å få auka potten investeringsmidler, slik at det er mogleg og ønskjeleg å satse på mjølk og kjøtproduksjon.  I det siste har det vore arbeidd aktivt saman med Stryn kommune for å få til ei ordning der kommunen kan støtte bønder som ønskjer å bygge nye fjøs.  Det er ei skremande utvikling i ønskje om å selgje mjølkekvoter i Stryn kommune. Det er og eit ønskje om å få til noko på beitetilskot.

På arbeidsplanen til Loen bondelag står elles innspel til jordbruksforhandlingane, kvisskveld, felles samling for landbruksungdom i Stryn felles med samstyret.

Valet vart slik:

Det vart attval på Ingvill Tronrud som leiar, med seg i styret får ho Olav Lars Rake (ikkje på val) og Karl Ove Loen (attval). Det vart vald inn to nye til styret Åse Katrin Hogrenning og Malene Haugen. Johan Mindresunde og Ola Rake gjekk ut av styret.  Ny i valnemda er Ola Rake, Knut Tjugen (leiar) gjekk ut av valnemda.

Kvelden vart avslutta med at Håkon Loen viste flotte og interessante historiske filmar frå Loen, eit glimt av både sauesortering og 17. mai-feiring.