Møta vart gjennomført på skype.  Først møte i fylkesstyret klokka 20 og så møte med lokallaga klokka 21.  - Det kunne nok vore betre deltaking på møtet med lokallaga, men det syner berre kor travle kvardagar den aktive bonden har.  Det er utruleg mykje som skal på plass før ein kan ta seg nokon rolegare dagar.

Innhald i møta

Fylkesleiar Anders Felde orienterte frå leiarsamlinga han hadde vore på den 25. juni, og presenterte budsjettnemnda sine tal som vart lagt fram den 26. juni.  Det er ikkje til å legge skjul på at mange er tvilande til dei optimistiske kalkylene til budsjettnemnda.  Dei kjenner seg ikkje heilt att.  Det vart mellom anna synt til, frå ein leiar i eit lokallag, at når status vert gjort opp i etterkant, så syner det seg altfor ofte at det som såg ut til å skulle verte pluss vart minus.  Felde var også innom det forenkla jordbruksoppgjeret og handsaminga av dei ulike innspela på krisepakkar i samband med koronasituasjonen.  Han peika særleg på dei auka kostnadene i frukt, bær og grøntproduksjonen, pelsdyrnæringa sin uhaldbare situasjon samt krav om auka løyvingar til  investeringsverkemiddel, der potten allereie er brukt opp.

Det var også ein runde på avlingssituasjonen. På gras kan det sjå ut til å vere avling noko under middels og ein vil vere avhengig av nedbør for å kunne få ein god andreslått.  Tørre fine hausteforhold og høgt tørrstoffinnhald, men ingen rekordavlingar er vel kortversjonen.   Særleg merkar nok småfehaldarane dette som har beita areal, seint beiteslepp i utmark og sidan har hatt tørke. I Veitastrond har den høge temperaturen skapt flaum og medført at det ikkje har vore mogleg å hauste førstelåtten på alt areal.  Det er 4 bønder som særleg er råka og vatnet går sakte ned. Liknande situasjon ahdde ein i Stryn sist veke.  Det er særleg vassdraga med snøsmelting og smelting frå bre samstundes, som vert utsett når vi får høge temperaturar over tid.  Skyar det i tillegg over og kjem regn medan temepraturen er høg vert det ekstra gale.

Bilete frå sist veke i Stryn der vatn står på dyrka mark.  F.v. ordførar Per Kjllesdal og bonde Anders Kleppe.

På frukt- og bær er det framleis noko usikkert, men det teiknar dessverre til å bli dårleg på plomme og moreller. Den langvarige kuldeperioden i mai har dessverre sett sine spor i form av "abortering".   Bringebær vert heller ikkje noko topp år.  På eple kan det verte bra, men framleis noko usikkert på einskilde av sortane.  Når det gjeld potet og grønsaker er Lærdalsbøndene i rute.

Rovvilt skapar utfordringar også i vårt fylke som i sin heilskap skal ha beiteprioritet.  Det er allereie dokumentert jerveskade i Nørstedalen og i Hyllestad er det dokumentert skade grunna ulv.   For beitebrukarane som kjem opp i tapssituasjonar fleire år på rad er dette ei stor påkjenning.  Det er viktig at lokallaga er vakne og tek kontakt og føl med på utviklinga.  Det er også viktig at alle som er på tilsyn i sine beiteområde er årvåkne.  Vi har dessverre ein situasjon der det ikkje er utenkeleg at også andre område, enn dei vi kjenner til i dag, kan få utfordringar med dei store rovdyra.  Har du mistanke om rovviltskade, sett rovvilt på eit viltkamera som du har plassert ut,  så ikkje nøl med å ta kontakt med ein av SNO sine rovviltansvarlege.  Her finn du nyttig kunnskap på fylkesmannen i Vestland si heimeside.

Fylkesleiaren oppmoda lokallaga om å tenke beredskap.  Bøndene er ein utruleg viktig del av beredskapen i bygdene våre.  Fylkesleiaren hadde ei tydeleg melding til lokallagsleiarane: Fyll opp gyllevogna med vatn og ring brannsjefen i kommunen.  Viktig at han kjenner til kva ressursar i landbruket som vil vere til avgjerande nytte om det skulle starte ein brann eller skje andre uføresette naturhendingar.

Til sist var ein innom ulike kampanjar som vil gå i sommar.  Viktig at det kjem opp informasjon om beitebruk, bandtvang med meir ved innfallsportar til turmåla.  Mange nordmenn skal ut på tur i sommar, så då er det viktig å minne om goe reglar ved ferdsel i naturen.   Ta godt imot dei som kjem og informer dei på ein god måte.  Turistane er også svært viktige for verdiskapinga i fylket vårt, så vi må finne ein god middelveg for det å kunne drive matproduksjon samstundes som vi er opne for at tilreisande kan få sjå og oppleve det flotte kulturlandskapet som ein aktiv matproduksjon skapar :)

#komhit #latattgrinda #hugsbandtvang #pantaltalltid #viskuvet #norgetrengerbonden