Grunna den siste utviklinga i korona-smitte, vart det ekstraordinære årsmøtet digitalt. Møteleiar Jostein Hellestveit, fylkesleiar Peder Nernæs, nestleiar Knut Byrkjenes Hauso og delar av administrasjonen var samla på Voss, medan utsendingane var med på Zoom.

Møteleiar opna møtet og leste eit minneord for Sigvard Hopland som døydde i fjor haust. Sigvard hadde mange verv i Bondelaget. Han var lokallagsleiar og styremedlem i Seim Bondelag i mange år og styremedlem og nestleiar i fylkeslaget. Han avslutta bondelagkarrieren med å vere møteleiar i årsmøtet i Hordaland Bondelag i mange år.

Fylkesleiar Peder Nernæs opna talen sin med å slå fast at det er ein historisk dag for fylkeslaget og for landbruket i Vestland. Vi skal seie forvel til det gamle og helse Vestland Bondelag velkomen. Hordaland Bondelag vart stifta i 1946, og vi kan sjå tilbake på 74 år med arbeid på vegne av Hordalandsbonden og for å betre forutsetninga for næring og aktivitet i bygdene. No skal vi finne ein måte å drive den nye organisasjonen vidare på som er relevant for medlemene våre.

Årsmøtet slutta seg til intensjonsvedtaket frå årsmøtet i mars, om at skiping av Vestland Bondelag vert gjennomført i skipingsmøtet 12. november.