Det er positiv giv i området der ein del yngre bønder har overteke og/eller kjøpt gard og i den samanheng vart det lagt vekt på kor viktig det er å styrke inntekta på bruka gjennom eit økonomisk løft i jordbruksforhandlingane våren 2021.   Saman med inntektsløft er det også trong for å styrke invetseringsverkemidlane og velferdsordningane.     

Martin Jordalen er døme på ein ung bonde som nyleg er vorten bonde i Oldedalen.  Han kjem opprinneleg frå Hemsedal, men har no kjøpt seg gard i Oldedalen. 

Fylkesleiar Anders Felde utfordra lokallaget til å følgje opp kommunen og meir aktivt å få i stand fagmøte mellom kommunen og næringa årleg.    Han oppmoda dei også til å utfordre kommunen til å bidra med pengar til planlegging av nyinvesteringar hos bønden i Stryn.  Det vil vere viktig å kome med innspel til budsjettprosessen i kommunen. 

Deltakarane i årsmøtet var også opptekne av avfall og korleis det skal handterast.  Både i høve stål/skrot og landbruksplast.

 

Val i møtet

  • Silje Skarstein leiar (ny)
  • Jan Høgalmen (ny)
  • Sindre Åbrekk, ikkje på val
  • Gry Agjeld, ikkje på val
  • Ny valkomite: Knut Alsaker og Geir Flåten

Ny leiar i Olden Bondelag: Silje Åsnes Skarstein