Semje i jordbruksoppgjeret
Norges Bondelag har blitt samde med staten om ei jordbruksavtale for 2026.
-Det er forhandla fram ei avtale. Det er eg glad for. Den gir bøndene same inntektsmoglegheiter som andre grupper i samfunnet.
Det fortel Jan Erik Fløtre, leiar i Vestland Bondelag. Jordbruket sitt krav var på to milliardar kroner, medan Tilbodet frå staten var på 805 millionar kroner. Avtalen er på 1,107 milliardar kroner.
-Nokon vil vere nøgde med avtalen, andre vil vere mindre nøgd.
Løft for bønder med lågast inntekt
-Produsentar med sau og ammeku er dei blant dei med lågast inntekt, jordbruket prioriterte desse gruppene i sitt krav, seier Fløtre.
Forhandlingsgevinsten på over 300 millionar kroner er i stor grad nytta til å løfte dei produksjonane.
-Dette var heilt avgjerande for å kunne nytte heile landet til matproduksjon. Både sau og ammeku er viktige produksjonar i Vestland. Vi er ikkje i mål, men dette var ein start. Avtalen har også prioritert storfekjøtt, legg Fløtre til.
Eit oppgjer for auka sjølvforsyning og beredskap
-Bøndene leverer trygg mat, og sikrar busetnad. Bøndene bidreg med verdiskaping, og beredskap over heile Noreg.
Ifylgje Fløtre bidreg avtalen til at det er mogeleg å vidareføre samfunnsansvaret. Matproduksjon på norske ressursar er heilt avgjerande.
-Vi ser også at avtalen har ein tydeleg klimaprofil. Landbruket har sikra klimakutt utan å redusere matproduksjonen, avsluttar Fløtre.