LEIAR I VESTLAND BONDELAG: Gry Ingvild Agjeld.

 

- Det er forhandla fram ei avtale, som gjev eit viktig inntektsløft for bonden.

Det fortel Gry Ingvild Agjeld, leiar i Vestland Bondelag.

- Vårt mål er å ha eit aktivt landbruk over heile landet.

Jordbruksavtalen inneberer kompensasjon for sviktande inntekt i 2023, kostnadsdekning, inntekt som andre og inntektsløft for 2024 som til samen gir auka inntektsmogelegheiter på 111.000 kr per årsverk.

- Situasjonen i næringa er økonomisk kravande for mange. Det er ein tøff økonomisk kvardag, forsterka av kostnadsveksten.   

 

Redusert inntektsgap til andre grupper

- Avtalen legg til rette for ein inntektsvekst på 111.000 kr per årsverk, der 60.000 kr per årsverk er tetting av gapet mellom inntekta til bonden og andre grupper.

Jobben med å løfte bonden si  inntekt er likevel langt frå over, slår Agjeld fast.

 

Om mjølkeproduksjonen

- Satsen på investeringstilskot frå båsdrift til lausdrift er auka betydeleg, det er eg nøgd med.

Agjeld fortel at mjølkeproduksjonen  var prioritert i kravet Bondelaget leverte.   

- Mjølkeprodusenten har opplevd fallande inntekter og auka kostnader.

Agjeld skulle likevel ynskje at det vart satsa meir på dei mindre mjølkebruka.

- Strukturen er ikkje bra nok, og eg er veldig skuffa over innretninga.

 

* Når det gjeld andre grovfôrnæringar som sau og storfe, var det eit ynskje frå Bondelaget om å løfte dei meir enn forhandlingane har gitt som resultat.

 

 

Fakta og tal i avtalen 

Avtalen gjev auka inntektsmogelegheiter  på til saman 4,147 mrd.kr. samanlikna med 2023 før oppgjer.

Kompensasjon for svikt i inntektsutviklinga i 2023 i forhold til forutsetningane er på 888 mill.kr. (21.900 kr/årsverk). Utover at ramma legg opp til same inntektsvekst som andre grupper i samfunnet (29.400 kr/årsverk) legg den til rette for å tette inntektsgapet med 60.000 kr/årsverk i 2024.

Årets og fjorårets jordbruksavtale legg dermed til rette for å tette inntektsgapet med til saman 100.000 kr per årsverk.

Målprisane aukar frå 01.07.23 med 864 mill.kr. Det utgjer auka kostnader til mat på om lag 400 kr i året for en gjennomsnittshushaldning.