Seminar om gås og landbruk
Vestland Bondelag og Statsforvaltaren i Vestland inviterer til seminar om gås og landbruk - Forvaltning, jakt og skadefelling i Bergen 15. mars.
Kva er innhaldet i verktøykassa for å få til ei god forvaltninga av grågås?
Bli oppdatert i kva som er grunnlaget for god forvaltning av grågås. Nytt innan forsking, gode tips om reduksjon i konfliktane med beiteskade, tilskitning av friområde o.s.v. Kva tiltak fungerer godt og kva tiltaka fungerer mindre godt.
Innlegg i seminaret
Ingunn Tombre – seniorforsker ved NINA. Hennar nøkkelkvalifikasjonar er gjess, adferds- og populasjonsøkologi, reproduksjonsløkologi, landbrukskonflikter, gåsejakt, effekter av beiting på innmark, bestandsovervåking, adaptive medforvaltningsprosesser, forvaltningsplanar, effekter av klimaendringa og tundraøkologi.
Ove Martin Gundersen - prosjektleiar i nasjonalt gåseprosjekt i Norges Bondelag. hans arbeidsområde er forvaltning, grunneigarorganisering og tilrettlegging for gåsejakt
I tillegg vert det ulike innlegg frå Miljøvernavdelinga hjå Statsforvaltaren i Vestland, frå kommunal forvaltning, grunneigarar/bønder og jegerar.
Målgruppe:
Saksbehandlar med ansvar for grågåsforvaltning, grunneigarar, bønder, jegerar og andre interesserte.
Praktiske opplysningar
Stad: Kokstadflaten 36 (2. etasje over Felleskjøpet)
Tid: 15. mars, kl. 10 – 14.30
Pris: Gratis
Det vert servert enkel lunsj.
Seminaret vil vere tilgjengeleg via Teams, men då som «lyttar». Vi oppfordrar flest mogeleg å delta fysisk.
Påmelding via Questback innan 7. mars. https://response.questback.com/norgesbondelagbondelagetsse/gas