I desse dagar skal tiandeklassingane i Vestland velje skule og line for vidare utdanning.  - Eg vil slå eit slag for den grøne naturbruksutdanninga og trongen for kompetanse og utvikling i matproduksjonen i Vestland, seier ein oppglødd fylkesleiar.

Noko som framleis er heilt sikkert, er at vi framleis skal ete mat.   Vi skal endre drifta og framleis arbeide for eit grønare klima. Det er stor trong for dyktige fagfolk, rådgjevarar, veterinærar, og forskarar for å nemne nokon i matproduksjonen i Vestland.

Vestland er store på matproduksjon og grøne ressursar. Vi har heile verdikjeda med variert arbeid for den som ynskjer å vere i fjøsen og dyrke jorda, og for den som vil vere bonden sinn gode rådgjevar på ulike område som dyrestell, teknologi, klima og mange fleire fagfelt.  Vi har industriverksemder med ulike arbeidsoppgåver og vi treng styrking av kompetanse på klima og næringsutvikling samt forsking på plantar og jordsmonn. 

Utmarksfag som innlandsfisking er også ein del av naturbruksopplæringa

Moglegheitene er svært mange.  Da stoppar ikkje med tre år på vidaregåande.  Naturbruksskulane i Vestland er eit godt utgangspunkt for veldig mange ulike yrkesvegar.  Her kan du få ein skulekvardag som kombinerar teori og praksis.  Det er fleire moglege lineval på dei praktiske faga samstundes som du kan velje påbygg for å få studiekompetanse dersom du ynskjer deg vidare til studiar og høgare utdanning.

Dei Grøne Naturbruksskulane i Vestland:

Mo og Øyrane Vidaregåande skule - Sunnfjord

Stend Vidaregåande skule, Bergen

Sogn Jord-og hagebruksskule, Aurland

Voss Vidaregåande skule - Voss

 

Dyr, maskiner, grønsaker, blomar, hest ................ eit mangfald av moglegheiter