I samspel får vi til meir.   Ho oppmoda forsamlinga til å komme med sine meiningar.  Ynskjer engasjement, men også kvardagstankar.   Talarstolen kler dykk alle var hennar tydlege oppmoding. 

Beredskap vedkjem oss alle
Agjeld fortalde om 26.12.2011.  - Den morgonen gløymer eg aldri.  Det var den morgonen ekstremveret "Dagmar" hadde herja om natta.  Verda var mørklagt, ingen lys å sjå, stilla råda og vegen var stengt av tre på kryss og tverrs.  Det var uhyggeleg og det gav oss for alvor forståing av kva eigenberedskap er. 

Vi har aggregat, dieseltank, ved, vatn, grovfor til dyra.   Førebu deg til å ta vare på deg og ditt for at andre skal få hjelp og for at du kan hjelpe andre.  Tenke større og vidare enn andre når det gjeld eigenberedskap.  - Med langt til naboen kan vi ikkje forvente å få hjelp først, held fylkesleiaren fram. 

Kommunar som har vore råka av ekstremver før prioriterer det høgare.  Erfaringsbaserte hendingar der vi spring etter ulukka.  Samarbeid, førebuing og førebygging på det vi ikkje har opplevd før vert avgjerande framover.   - Vi må også hugse å løfte blikket og sjå verda kring oss, held Agjeld fram.  klimaendringane er her. 

Vi treng auka produksjon i Vest

Gry Ingvild utfordra forsamlinga med konkrete spørsmål innan dei ulike produksjonane.  Alle som vil produsere mjølk etter 2034 må ha eit val om å bli med.  VI treng mjølka, men kvoteoppfyllingsgraden er låg i Vestland.  
- Kva skal til for å auke volumet ?

Vi har for mykje vaksen sau i Vestland og vi slaktar for lite lam.                               

  • Kor langt vil oss gå?
  • Kva grep for å auke produktivitet og økonomi i sauehaldet?  
  • Meir sau på innmark.  Korleis snu dette?

Rekk oss å regulere eggproduksjonen?  Egg hamnar heilt andre plassar enn i Vestland

Frukt, bær grønt.  Produsentane får ikkje produksjonsplanar frå Gartnerhallen – og dermed løyver ikkje Innovasjon Norge midlar til investeringar.  Konsekvensen vert at våre produsentar ikkje får ta del i produksjonsveksten


Slepp for all del ikkje bonden fri

- Skal vi ha matproduksjon i heile landet treng vi politikk som legg til rette for det.  Ikkje mindre politikk. Kostnadsveksten gejr at sentralisering skyt fart. Det er ikkje bra for ressursbruken vår. Den laupande matproduksjonen er den viktigaste beredskapen vår.  Då må det politikk til for å sikre matproduksjon i heile landet.


Styrke preferansar for norsk mat

Fylkesleiaren var tydeleg på at folk må kjøpe norsk mat fordi den er best  Sjølve må vi  framsnakke eigne selskap og slutte å drit i eige reir.  Vi må bli flinkare til å vise fram kor dyktige vi er.   Dersom vi ikkje har tru på oss sjølve og eiga næring - kven skal då ha tru på det.  Bondelaget er det beste laget.  
 

Stolt av framtida og ungdomen som vil bli matprodusentar