Laurdag 24.april møttes ein gjeng frå Naustdal Bondelag for å rydde plast. - Det var ein flott dag og gode forhold til å plukke plast i nedre delen av elva Nausta, seier leiar i Naustdal Bondelag, Arild Herstad. - 99,9 prosent av det vi plukka kjem frå landbruket og storparten var rundballeplast og mykje var fersk plast, så her må alle som lagrar ballane langs vassdraget ta seg eit tak og sjå på lagringsplassane sine. 

Plast der den absolutt ikkje høyrer heime...

Saman rydda dei 8 øyer mellom Hovefossen og Naustdalsfossen. - Det stod att ei lita øy nedstrøms Hovefossen, pluss langs elva, men storparten av plasten er no rydda. Den siste øya vart rydda i etterkant av ryddedagen vår, so no er alle øyane i denne delen av vassdraget rydda.

Plasten er levert til miljøstasjonen i Hesjedalen og dei har registrert aksjonen hjå Hold Norge Rent. - Me har fått fleire gode tilbakemeldingar på jobben, seier ein nøgd lokallagsleiar.