No har lokallaga i Sogn fått melding om at denne ordninga vil opphøyre og at SIMAS ikkje lenger vil plassere ut containerar for innsamling.   – Ordninga har fungert godt med svært god hjelp frå gardeigarar og bønder som hjelpte til med å halde orden kring containerane, seier Hallvard Thommasen, direktør i SIMAS IKS.

- Ordninga med å setje ut eigne containerar for landbruksplast vart finansiert av næringsinntektene til SIMAS IKS. SIMAS har fått godtgjerdsle for å handtere landbruksplasten, men godtgjerdsla dekkar ikkje lenger utgiftene SIMAS har til landbruksplasten. Handtering av landbruksplast er ikkje ei lovpålagd oppgåve for SIMAS, og må dermed finansierast utanfor gebyrordninga. Det har òg vore vanskeleg å verte kvitt plasten,  forklarar Thomassen.  Skal SIMAS sette ut containerar til dette føremålet må transporten av container dekkast av brukarane eller ved andre støtteordningar.

Landbruksplast kan no leverast på miljøstasjonane til gjeldande m3-prisar.  Plastfraksjonane frå landbruket er primært folie (rundballeplast) og PP-sekk (gjødsel- og såkornsekkar). Fiberduk, solfangarfolie og hardplastemballasje kan òg leverast inn.

Lokallaga engasjerer seg

På årsmøtet for lokallaga i Indre Hafslo, Hafslo og Luster denne veka vart ordning for innsamling av landbruksplast ei viktig sak.  - Det er vanskeleg når gode ordningar vert svekka seier leiar i Hafslo Bondelag Claus R. Moe.  Denne saka må vi finne ei løysing på i samarbeid med SIMAS og eventuelt andre aktørar held Moe fram.  Medan det vert arbeidd med alternative løysingar er det viktig at den einskilde bonde tek godt vare på plasten sin og sikrar at den vert lagra på ein måte som gjer at den kan leverast til attvinning når løysing kjem på plass.

Del av styret i Hafslo Bondelag f.v.: Per Bjarte Lomheim, Olav Høyheim Einan, Per Fridof Hillestad og Claus Rumohr Moe.