- Vi har blitt kontakta av fleire personar som er urolege for sikkerheita til ungar som klatrar på rundballar, medan foreldra står og ser på. Her må foreldra på bana og informere ungane sine om at dette ikkje er eit klatrestativ, seier leiar i Vik Bondelag Turid Haga Vange.

Ein rundballe veg frå eit halvt tonn og oppover, det kan vere livsfarleg å komme i klem. 

Kan øydelegge vinterfôret

Klatring og leik kan òg føre til at vinterfôret vert øydelagt. Dette kan gå ut over helsa til dyra. Rundballane er pakka i plast for å vere lufttette. Det kan fort gå hol på plasten og dette vil då føre til mugg i fôret. 

Vi kjem difor med ei oppmoding til alle foreldre om å snakke med borna og lære dei at rundballar ikkje er eit leikestativ.