Rovvilt: Forventar at Staten tek ansvar
- Sidan regjering vel å kutte i løyvingane til skadeførebyggande tiltak i rovviltforvaltninga med 20 millionar kroner, forventar vi at det er eit signal om at Regjeringa og Staten tek eit endå større ansvar via Miljødirektoratet og Statens Naturoppsyn (SNO) for at uttak av rovvilt skjer, seier fylkesleiar Jan Erik Fløtre.
Regjeringa foreslår å redusere tilskot til rovvilttiltak med kring 20 millionar kroner frå 71 millionar til 51 millionar kroner. Dette er eit stort kutt !. Målet med tilskotsordninga er å sikre iverksetjing av effektive førebyggende tiltak for å avgrense dei skadane rovvilt kan forårsake på produksjonsdyr i landbruket, samt konfliktdempande tiltak for å avgrense ulemper for lokalsamfunn og andre grupper. Midlene skal kompensere for reelle kostnader og ekstraarbeid som rovvilt påfører beitebrukarane. Dette gjeld mellom anna rovviltsikre gjerde, tidleg nedsanking, kadaverhund, elektronisk overvåking m.m. Posten dekker også drift av rovviltnemndene, omstilling og godtgjering til kommunale fellingslag.
I rovviltregion1, som Vestland er ein del av, utgjer beløpet kroner 1,475 millionar i 2025. Det er allereie eit svært lite beløp sett i høve til utfordringane med rovvilt, og særleg jerv, i Regionen. - Det seier seg sjølv at kutt med same relative del som i Statsbudsjettet vil vere svært dårleg nytt for beitebrukarane, seier fylkesleiaren.
Miljødirektoratet må prioritere Statens Naturoppsyn ved fordeling av den totale rammeløyvinga
I vest er situasjonen kritisk med ein svært stor bestand av jerv og følgjande store tap av beitedyr, held Fløtre fram. - Eg har, uavhengig av statsbudsjettet, forventningar til at SNO gjer uttak både i Indre Sogn, Nordfjord og på Sunnmøre denne vinteren seier ein tydeleg fylkesleiar
Denne sommaren har tap av beitedyr grunna jerv auka mykje både i Indre Sogn og i grenseområda mellom Nordfjord og Sunnmøre. Det er ei varsla hending grunna mange ynglingar i grenseområda våre både i Region 3 og Region 6 dei siste åra. Det held å nemne 2024 då det var heile 7 ynglingar i Breheimen og Reinheimen/Sunnmøre. Det synte raskt att på DNA prøvane vinteren 2025 som synte mange nye individ. Talet dokumenterte ynglingar er noko lågare i 2025, men tapstala har likevel auka. Dette skuldast at tal felte jerv i området har vore svært lågt dei siste åra og bestanden har difor vokse.
Lisensjakt dug ikkje i alpine fjellområde
Lisensjakt fungerer ikkje i dei alpine fjellområda i Breheimen, Jotunheimen, fjella kring Jostedalsbreen, Reinheimen og på Sunnmøre. Det er rett og slett uttak i regi av SNO som må til. Med stadig kortare vintrar og færre vervindauge som er eigna for uttak med helikopter må SNO ta til med dette uttaket, på vegne av Staten, før 15. februar. Eit kvart høve må nyttast. Bestanden av jerv må ned i desse fjellområda og det må skje i vinter. Utan uttak vil ikkje beitedyra ha sin prioritet i desse områda. Det er ein stor jobb som må gjerast.
Vi forventar at styresmaktene har ein plan for ekstraordinært uttak av jerv i Indre Sogn, Breheimen og Nordfjord/Sunnmøre. Beiteprioritert område i region 1 er avhengig av at bestanden i grenseområda ÅRLEG vert redusert ved ekstraordinært uttak i regi av SNO. - Vi forventar difor at Miljødirektoratet sikrar Statens Naturoppsyn ein auka del av Miljødirektoratet sitt budsjett, slik at dei er i stand til å gjennomføre uttak, held Fløtre fram
- Det vil vere viktig å nytte tida med eigna ver, snø og gode sporingstilhøve til å gjennomføre naudsynt uttak. Tal dagar eigna for uttak har synt seg å vere få dei siste vintrane. Difor vil gode planer og godt arbeid med dokumentasjon i felt vere avgjerande.