Nordre Gulen Bondelag inviterte til årsmøte i lokala til Tveita Gardsmat, og det var ein livlig og engasjert gjeng som møtte opp til ein kveld med årsmøtesaker, servering av rømmegraut og utlodding. Frå fylkeskontoret deltok Hanne Lisbeth Nybø som orienterte om aktuelle saker i Bondelaget. Leiar Halvor Brosvik leia møtet, og det vart gått gjennom årsmelding, rekneskap, medlemstal og aktivitetar i laget. Brosvik tok ikkje gjenval på leiarvervet, og overlet stafettpinnen til Jarle Nordgulen. I tillegg gjekk Kåre Haveland inn i styret som styremedlem. Halvor Brosvik vart valt til vara, og det nyaste og yngste medlemmet i laget, Knut Håvard Brosvik, vart valt inn i valnemnda.

God stemning rundt bordet på årsmøtet.

Etterlyser fokus på høna

Eit tema som vart tatt opp på årsmøtet var burhøns, og ei etterlysing av støtte frå Norges Bondelag. Fokuset har lagt på frittgåande høner, og det er omtrent uråd å få solgt egg frå høner som står i miljøinnredning til butikkar. Dette resulterar i at eggprodusentar med miljøinnredning får dårlegare betalt for egga samanlikna med dei som har frittgåande høner. - Kvifor skal vi få dårlegare betalt for produkta våra når hønene våra har lågare dødelegheit, mindre medisinbruk og betre forhold med mindre hakking og stress samanlikna med frittgåande høner?

Det nye styret i Nordre Gulen Bondelag, frå venstre Kåre Haveland, Jarle Nordgulen, Roar Elnes og Oliver Haveland. Rolf Daniel Midtun sit òg i styret men hadde ikkje høve til å vere med på årsmøtet.

Loddsalet går unna, Halvor Brosvik og Oliver Haveland kappast om å selje flest lodd.