Leiar i Stryn Bondelag, Torill Nina Midtkandal var først ute på denne vekas ringerunde. - Ringe du midt i slåtten, var svaret i hin enden, etterfulgt av ein god latter. Det har vore varme og flotte, nedbørsfrie dagar i store delar av fylket siste tida, og det byrjar ein no å merke på grast - Me skal begynne i dag for no kan det ikkje stå lengre før det svir ned dessverre, seier Nina. Det går i rundballar på garden, så dei reknar med å vere ferdige med slåtten innan det er meldt regn på søndag.

Når me snakkar med Nina sit ho på utekontoret sitt og held på med bondelagsarbeid. - Nett no held eg på med ei høyringsuttale til Stryn kommune, så då er det greit å kunne sitje ute og nyte finveret før me går i gang med slåtten. 

Då var slåtten i gong hjå Torill Nina Midtkandal i Stryn. 

Lengre sør i fylket ventar leiar i Odda og Røldal Bondelag, Kåre Johannes Aase på at han skal komme i gang og slå òg. - Det er mest so det er for fint vêr for tida, og det er me ikkje vekkskjemde med her på Vestlandet, ler han. Det byrjar å bli tørt nok, og nett no kunne han godt tenkje seg han hadde hatt eit av dei meir avanserte vatningssystema som fruktbøndene i området hans sit med. Sjølv driv han med mjølkeproduksjon og held på med å få dyra ut på beite. - Me er nesten for raudlista art å rekne me som driv med mjølkeproduksjon her i Hardanger, ler han.

Hardanger er for dei fleste mest kjent for fruktproduksjon, og mange som dreiv kombinert dyrehald og fruktproduksjon før har gjerne spesialisert seg meir mot frukt. - Men så har ein områder som ikkje er så godt egna til fruktdyrking, og der står hustdyrhaldet framleis sterkt. Dette må jo vere god ressursutnytting. 

Kåre Johannes Aase driv gard frå fjord til fonn i Odda. Her ligg Folgefonna øvst i fjella bak garden hans. 

Hjå Olve Vangdal som er leiar i Ølve og Hatlestrand Bondelag har det gått i dyrking av mark og no ventar han på å komme i gang med slåtten han òg. I lokallaget har framtida for landbruket og for bygda stått i fokus dei siste månadane. - Frå me hadde årsmøte har me igrunn hatt som hovudaktivitet at me ynskjer å engasjere nye bønder, ungdom og born. Bakgrunnen for prosjektet vårt er bygdeutvikling, me ynskjer å gjere noko for å hindre fråflytting frå bygdene og gardane, seier Olve. Korona har dessverre gjort til at dei ikkje har fått gjennomført prosjektet slik dei har tenkt då skulane har hatt restriksjonar i forhold til elevtal og utflukter. Men eit godt stykke arbeid har blitt lagt ned så dei er klare til å gjennomføre når det opnar for det. - Det er veldig kjekt å jobbe med dette prosjektet, og heile styret er engasjert i det, seier Olve. 

Nysådde bøar hjå Olve Vangdal