Islandsk sauPå Island er det om lag 0,5 millionar vinterfora sau, og Islendingane eksporterar 60% av produksjonen. Bøndene frå Hordaland fekk sjå nærmare på næringa, då me tok turen til Kvalbukta og garden Bjarteyarsandur. Her dreiv vertsparet med sau og gardsbesøk.  Om lag 600 vinterfôra sau som auka til totalt 1600 i sommarhalvåret sto for halve inntekta på garden.

Den Islandske sauen liknar litt på vår spelsau, men har større kropp og har i følgje guiden vår, Karvel Strømme, betre ull. Sauen trekk til fjells i byrjinga av juni og hadde nett komen ned att då me var på besøk. Dei hadde ingen problem med rovdyr og veldig lite sjukdom.

I tillegg til sau dreiv også denne garden med gardsbesøk. Barnehagar og skular var ofte på besøk. Alle fekk då sjå ein liten kortfilm som synte året rundt på garden. Denne fekk me også sjå. Garden har ei stor strandlinje og strekkjer seg heilt til fjells. Under gardsbesøka vart heile garden teken i bruk. Vertskapet kunne tilby alt frå blåskjelplukking langs stranda som dei etterpå laga suppe av, til saueklipping, lamming, fôring, traktorkjøring osv.

I fjæra ved garden.Stort sett slo dei her kun ein gong, men dei beste stykka slo dei 2 gonger. Fôret vart fortørka og lagra i rundballar. Været er svært uforutsigbart på Island. Det kan koma mykje nedbør ein sommar og  lite ein annan. Det er av den grunn stor skilnad i kvalitet og avling frå år til år.  (Høyrest i grunnen ganske kjent ut).

Som ein kuriositet må også nemnast at dei om våren sanka dun frå ærfuglreir. I alt 40 kg gjev ei lita tilleggsinntekt. På slutten av besøket fekk me sjølvsagt servert kjøttsuppe med kjøt frå sau.

Island er sjølvforsynt med sau og storfekjøt, men har stor import av grønsaker og frukt. Me såg ikkje mange drivhus på turen. Årsaka til at ikkje drivhusproduksjon var meir brukt er at den ikkje får billeg straum/varme på linje med for eksempel smelteverksindustrien.

Islandshest var det me såg mest av på Island etter sauen. Dette er ei viktig inntektskjelde og islendingane driv mykje med avl og eksport av islandshest. Nokre av deltakarane på turen fekk seg også ein tur til hest.

Noko som er spesielt for Island, er at dei aldri importerer dyr. Alle dyr er reint Islandske og dei driv ikkje med import og kryssing av rasar. Dette fungerer tilsynelatande heilt fint. Kua heiter dermed Islandsku. Men den liknar veldig på vår gamle rase, Vestlands fjordfe og raudkolle. Men den er større enn dei kollene eg har sett her.

Du kan lese meir om garden Bjarteyarsandur her.