Regionmøta er ein viktig møteplass, der styra i lokallaga møter representantar frå fylkesstyret.   Møta er lagt på kveldstid og er så mange som ti  i talet for at dei fleste som deltek skal få avgrensa reisetid.  - Da er enklare at vi i fylkesstyret reiser rundt, seier styremedlem Kari Sigrun Lysne.

Kari Sigrun Lysne innleier i Stryn.

Klima, mjølk og jordvern

- Vi møtte eit stort engasjement kring klima, mjølk og jordven på møtet i Stryn, seier styremedlem Nils Magne Gjengedal.  Saman med styremedlem Kari Sigrun Lysne representerte han fylkeslaget i møtet.  Det var tydelege tilbakemeldingar på kor viktig det er å sikre Vestland sin relative del av mjølkeproduksjonen.  Samstundes må økonomien for dei som skal halde fram betrast.  

I Stryn er det også ei utfordring å sikre den gode matjorda som driftsgrunnlag.  Det kjem stadig utfordringar knytt til nedbygging av dyrka jord, og då gjerne noko av den beste jorda som bøndene driv.  Det kom ynskje om hjelp frå fylkeslaget  i å førebu seg til møte med kommunen i slike saker.

Bilete: Lyttande og deltakande representantar frå Bondelaga i Stryn