På møtet i Bergen var det deltakarar frå Os Bondelag, Austevoll Bondelag, Bergen Bondelag og Sotra og Øygarden Bondelag. Frå fylkeslaget deltok Olav Myhr og Geir Totland.

Første del av møtet var sett av til lokallagsarbeid, men det vart sjølvsagt også tid til landbrukspolitikk. Olav Myhr heldt innlegget "Bondelaget og politikarane" der han snakka om kvifor lokalpolitikarane er viktige for landbruket.

Lokalpolitikarane gjer vedtak i saker som angår landbruket, til dømes arealplanar og reguleringsplanar og omdisponering av dyrka mark til byggjeland.

- Det er viktig å tydeleggjere landbrukets verdi i kommunen med tanke på arbeidsplassar og verdiskaping, sa Olav. - Landbruket disponerer store arealressursar og kulturlandskapet er kommunen sitt ansikt utad. 

Landbruket er og blir ei politisk næring, som treng langsiktigheit og forutsigbarheit. Lokalpolitikarane har ofte stort kontaktnett, og er difor viktige bindeledd oppover til regionale og nasjonale myndigheiter. Dei kan også framsnakke næringa i mange ulike samanhengar.

Olav Myhr