På Nrk Hordaland kunne ein i går høyre og lese om "bonden som jubler over landbruksoppgjøret". Det finnast bønder på Vestlandet som er nøgd med tilbodet fra Staten, og dei skal sjølvsagt få stå fram. Problemet med bonden som Nrk Hordaland hadde intervjua, var at han ikkje hadde noko særleg drift og ikkje hadde rekna på kva tilbodet vil utgjere for garden, eller for neste generasjon. Han er i tillegg Frp politikar i kommunestyret i Fusa.

Han må sjølvsagt få vere einig i politikken til partiet sitt, men mange reagerte på at han sto fram som småbrukar og bonde, og at det ikkje kom godt nok fram at ha i tillegg er politikar.

Lokallagsleiar i Fusa Bondelag, Lars Inge Vik, var ein av dei som kontakta Nrk, og i dag hadde dei ein nyansert artikkel der mellom anna Lars Inge fekk uttale seg:

Kraftige reaksjoner mot Frp bonden

Her er den første artikkelen:

Her er bonden som jubler over landbruksoppgjøret

Mange av lokallaga har gjort eit godt stykke arbeid med Bondeven-kåringar, og pressedekning har dei òg fått! Du kan lese meir om kåringane her: Bondevener.