Landbruksdirektoratet har kome med framlegg til ny fordelingsnøkkel for tildelinga av dei regionale miljøverkemidlane (RMP) mellom regionane.  Totalt snakkar vi om 550 millionar kroner i 2021. Fleire fylker mister mange millionar kroner. Oslo og Viken, Agder og Innlandet misser alle knappe 10% av løyvingane, men verst går det ut over Vestland som misser dryge 20 prosent av overføringane (12,6 mill). I den nye nøkkelen vert omsyn til kulturlandskap, og særleg bratt areal vekta lågare til fordel for høgare vektlegging på det totale omfanget av jordbruksaktivitet i fylka.  Det vil seie at tal dekar og tal dyr i stor grad styrer fordelinga av pengane mellom dei ulike regionane. 

Pengar omfordelt frå Vestland til husdyrtette område

Med direktoratet sitt framlegg til fordelingsnøkkel og vektinga av desse, vert pengar flytta til dei områda som har mest dyr. Tanken ser ut til å  vere at til meir dyr ein har, til meir pengar treng ein gjennom RMP.   Dette er til dømes motsett av tanken bak korleis Vestland i dag deler ut pengar til miljøvenleg spreiing av husdyrgjødsel. Her får ein betalt «høgt» pr dekar inntil 100 dekar. Det betyr at ein legg til rette for at også mindre gardsbruk kan kjøpe seg utstyr til å spreie på ein miljøvenleg måte.  Det er ei erkjenning av at utfordringane med å utvikle eit klimasmart landbruk handlar om gardsbruka, og ikkje kvar enkelt kyr eller kvar enkelt sau.   Landbruksdirektoratet nyttar ikkje tal jordbruksforetak som grunnlag i modellen. Det er etter vårt syn ein svakheit ved modellen.

Bratt areal og beitebruk vert taparen

Landbruket fekk so seint som i jordbruksoppgjeret i 2018, etter mange års kamp, gjennomslag for ein auke i kompensasjon for driftsulempene ved å halde dei bratte areala i produksjon. Konsekvensen, om fordelingsnøkkelen vert teken i bruk, vert ei omfordeling av midlar. Forslaget gir store utslag mellom regionane.  Konsekvensen av endringane er flytting av pengar frå ein region til ein annan,  og ein flyttar også pengar mellom produksjonane internt i regionen.    Konkurransekrafta til dei som i dag driftar bratt areal vert svekka og risikoen for at areal går ut av drift er openberr. Taparane i Vestland blir til dømes fruktbøndene i Hardanger og geitebøndene og sauebøndene i Aurland.

Treng betre tid på saka

Direktoratet skal ikkje vere eit politisk verktøy for regjeringa som utøver skjønn.  Direktoratet skal kome med gode fagleg fundamenterte framlegg som grunnlag for vedtak.  Denne gongen meiner vi det har gått noko fort i svingane og er utøvd så stor grad av skjønn, at det er trong for ei ny runde.  Difor meiner vi avtalepartane må sjå vekk frå dette forslaget i forhandlingane i 2021.  I staden må det settast ned ei partssamansett gruppe,  som ser på det faglege grunnlaget på nytt fram til jordbruksoppgjeret 2022. Truleg burde ein nytte historisk fordeling på dagens ramme for RMP, og utvikle ein ny fordelingsnøkkel for framtidige løyvingar av RMP.

Forslaget til direktoratet vil resultere i at Vestlandsbonden ikkje greier å levere eit unikt fjordlandskap eller eit klimasmart landbruk. Då sviktar vi både dei politiske målsettingane i landbruket og det norske folk.

Landbruket skal utviklast til eit enno meir klimasmart landbruk og redusere sine utslepp til luft og vatn.  Då må ein auke løyvingane til RMP, ikkje flytte eksisterande økonomiske løyvingar i RMP på ein måte som set andre miljøverdiar og biologisk mangfald i fare.  Det vil svekke den samla berekrafta i næringa, avsluttar ein svært tydeleg fylkesleiar.