-  Det er positivt at regjeringa tek utgangspunkt i landbruket sin eigen klimaplan som tilseier kutt på 5 millionar tonn CO2 i perioden.   Det er likevel svært lite framtidsretta av regjeringa å berre ta utgangspunkt i kva klimarekneskapen i dag godkjenner, seier fylkesleiar i Vestland Bondelag Anders Felde    

Det betyr at ein legg opp til eit kutt i utslepp frå dagens matproduksjon, gjennom å utvikle drifta på den einskilde gard, på 1,6-1,9 millionar tonn CO2 fram til 2030.    Det gjev eit unødvendig sterkt fokus i meldinga på endra kosthald, som igjen vil true deler av matproduksjonen i Vestland. Endra kosthald som klimatiltak er lite berekraftig, då det truleg vil føre til auka import av høgverdig planteprotein.  Det vil raskt kunne gje lågare sjølvforsyning.

Klimaendringar gjer det verre å produsere mat i verda i tida framover, samtidig som folketalet stig.  Kvart land har difor eit ansvar for å legge til rette for størst mogeleg nasjonal matproduksjon, basert på dei nasjonale forutsetningane for å produsere mat.  Beitedyra er heilt avgjerande for norsk sjølvforsyning.   – Eg er stekt uroa over kor tydeleg fokus regjeringa har på endringa av kosthald som ein viktig måte å redusere utslepp av klimagassar på, held Felde fram.  Det er grunn til å ta innhaldet i meldinga på det største alvor.

Meldinga peikar også på at det ligg tiltak i landbrukets klimaplan som gir eit lågare klimaavtrykk, men som likevel ikkje kjem med i klimarekneskapen på grunn av «bokføringsreglane».   Landbruket meiner det er viktigare å legge til rette for ein stor norsk matproduksjon med lågare klimaavtrykk, enn å tilfredsstille byråkratane sine bokføringsreglar.   Når ein i tillegg vil utgreie ei mogeleg avgift på bruk av mineralgjødsel, som vil svekke økonomien i norsk planteproduksjon, so innser ikkje regjeringa nasjonen Norge sitt ansvar for å oppretthalde konkurransekrafta og mogelegheitene til eigen matproduksjon.

Meldinga manglar økonomiske verkemiddel for å sette bonden i stand til å gjere klimagrep på eigen gard.   Desse manglande verkemiddel, handteringa av klimareknestykket og tvetydige signal om kjøtkutt må Stortinget ordne opp i gjennom si handsaming av meldinga.

Eg ser fram til mange gode dialogar med politikarar frå ulike parti på dette tema i vinter.  – Det er alvor, og vi treng engasjement frå politikarar som har ambisjonar for at norsk landbruk skal gå føre med ein klimavenleg matproduksjon der vi nyttar areal i heile landet avsluttar Felde

Landbrukspodden om klimameldinga

_________________________________________________________________

Kontakt: Anders Felde, 92857084

Regjeringa la fredag 8. januar fram Meld.St.13 (2020-2021) – Klimaplan for 2021-2030 ;    

Meld. St. 13 (2020–2021) - regjeringen.no