PULSEN må opp i sårbare landbruksområde
- Eg ynskjer å satse på mjølkeproduksjonen i ei bygd med lys i fjøsa. Ei bygd med eit levande landbruksmiljø og gode naboar, sa Steffen Fjellestad i sitt innlegg på årsmøtet i Norges Bondelag.
Ordførarar, årsmøte og minister
- Eg er odelsgut frå Fjellbygda i Nordfjord. Eg ynskjer ein dag å ta over garden heime og føre vidare mjølkeproduksjonen som familien min har bygd opp gjennom generasjonar. - Eg ynskjer å satse på mjølkeproduksjonen i ei bygd med lys i fjøsa. Ei bygd med eit levande landbruksmiljø og gode naboar. Då må dei økonomiske vilkåra vere slik at det er mogleg å oppfylle dette ynskje også i åra som kjem.
Her har eg med eit stetoskop. Dette er eit hjelpemiddel eg brukar mykje i jobben som dyrlege når sjuke dyr skal undersøkast. Før dette årsmøtet tenkte eg at eg skulle undersøkje utviklinga i jordbruket. Pasienten vart “Huusrapporten”. Når eg legg stetoskopet inn til denne rapporten, finn eg teikn på at ikkje alle delar av landet har like god helse. PULSEN er for LÅG i fleire område i landet vårt. Undersøkinga viser færre aktive bønder, dekar som går ut av drift, nedgang i produksjonsvolum og ein produksjonsøkonomi som er under press. Dette er funn som krev oppfølging!
Behandlinga må vere verkemiddel som treff dei utfordringane rapporten peikar på, slik at vi kan snu utviklinga. Det handlar om levande bygder, om å nytte dei store beite- og grasressursane i fjellbygdene og andre bygder, og om framtida til norsk matproduksjon. I tillegg er det ikkje godt nok at mjølkebruk på den storleiken eg skal ta over, kjem svakare ut øknonomisk på Vestlandet, enn andre stadar i landet.
- Eg håpar å få produsere mjølk i fjellbygda mi, slik generasjonane før meg har gjort. Og eg veit at eg ikkje er aleine. Det er heldigvis mange unge bønder rundt om i landet som ønskjer det same. Då må vi halde fram med å skape framtidstru, slik at vi unge vågar å satse.