Staten la i dag fram sitt tilbod i jordbruksoppgjeret.  - Det er i mine auge eit skambod og dårleg svar på jordbruket sitt krav om å  styrke inntektene og legge til rette for naudsynt utvikling og fornying av driftsapparatet i landbruket, held Felde fram.

Nok ein gong baserer staten seg i sitt tilbod på at den norske matprodusenten må springe fortare og fortare for å vere i nærleiken av same prosentvise utvikling i inntekt som andre yrkesgrupper.   Det er provoserande at regjeringa ikkje ser større trong for å styrke økonomien i norsk matproduksjon gjennom å tette inntektsgap til andre yrkesgrupper.  Vi klarar rett og slett ikkje å springe mykje fortare!  Resultatet vert endå færre matprodusentar og areal som går ut av produksjon i distrikt som Vestland.

Taparane i årets tilbod er dei arbeidskrevjande grasbaserte husdyrproduksjonane, som vi er heilt avhengige av å sikre økonomisk vekst skal vi kunne utvikle driftsbygningar og arealbruk i Vestland.  Tilbodet er heller ikkje mykje å skryte av for produksjon av egg- og svinekjøt medan frukt, bær, potet og grønsaksproduksjonen kjem noko betre ut i tilbodet.   Når det er sagt, så mister grøntnæringa den nasjonale satsinga på investeringar.  Den vert tilbakeført som ei regional ordning, og det rår stor uvisse på kva utslag dette vil få for Vestland sin pott til investeringar.

Framsida vitnar om eit noko grått tilbod utan visjonar for norsk matproduksjon

Ikkje satsing på mindre fjøs

I jordbruket sitt krav vert det lagt opp til ein fleirårig investeringspakke, for å møte kravet om lausdrift for alle storfe frå 2034.  Regjeringa har ikkje satt av ei krone ekstra til investeringar i fjøs.  Det provoserer oss i Vestland Bondelag kraftig seier Felde.  - Dei forstår ikkje, eller vil ikkje forstå, kor viktig dette er for å sikre framtidig arealbruk til produksjon av mat i fylke som Vestland, seier ein svært tydeleg Felde.   I realiteten vil dette vere ei nedbygging av små og mellomstore bruk og areal ut av drift i heile landet, men særleg i Vestland

 

Jordbruket sitt forhandlingsutval vil i dagane som kjem gå grundig gjennom tilbodet for å vurdere om dette gjev grunnlag for vidare forhandlingar.

Her finn du Norges Bondelag sine første kommentarar

Fakta: Dette er jordbruksforhandlingane

  • Jordbruksforhandlingane er den årlege forhandlinga mellom bondeorganisasjonane og staten.
  • Jordbruksoppgjeret 2021 er det 71. i rekka.
  • Det vert forhandla om korleis dei økonomiske moglegheitene for bonden skal vere det komande året.
  • Avtalen skal sørge for at måla Stortinget har vedteke for norsk matproduksjon vert oppfylt.
  • Jordbruksavtala bestemmer kva pris bonden skal få på råvarene sine, kor store budsjettoverføringar som skal gå til jordbruket og korleis desse pengane skal fordelast.
  • Forhandlingane skal vere ferdig 15. mai.