Produksjon av grønsaker i mindre skala - Nytt kurs i februar 2021 - Påmelding innan 1. november
Lokal småskalaproduksjon av grønsaker kan både vera enkelt og utfordrande å starte opp med. Bondens marknad i samarbeid med Fylkesmannen si Landbruksavdeling lanserer no andre kursrunde med marknadshagekurs i Vestland fylke.
Kurset er open for 30 deltakarar som vil starte opp småskala grønsaksproduksjon for sal. Dette er med andre ord ikkje eit kurs for hobbygartnarar eller folk som vil drive ein parsell eller sjølvbergingshage.
Søknadsfrist 1. november 2020
Kurset har søknadsfrist den 1. november. Kurset gir deg oppstartskunnskap om både marknadsarbeid og produksjon av grønsaker for sal på Bondens marknad, REKO, og eigne gardsutsal. Kurset byr på:
- - Ei trygg innføring grønsaksdyrking frå rådgjevarar i NLR, ein god los inn i marknadsarbeid gjennom Bondens marknad og andre lokalmatekspertar i Vestland
- - Ein god porsjon møter med bønder og gartnarar som med stor iver har starta og klekt kodene for å få til ein marknadshage.
Marknadshagekurset vert skipa til i Sogn og Fjordane 16.-17. februar 2021 og i Hordaland i januar.
Tenkjer du at det å produsere grønsaker for sal kan vere noko for deg eller nokon du kjenner så finn du utfyllande kunnskap om planane for det komande året på Bondens Marknad sine sider