- Eg meiner dette er ei tilskiping som har  eit godt høve til å kunne formidle kunnskap om mat og mattradisjonar, ikkje berre i Nordfjord men i heile Sogn og Fjordane om tilskipinga vert utvikla vidare, held fylkesleiaren fram.  Her har me som næring høve til å møta forbrukaren  på ein positiv måte der me kan  snakke opp matproduksjon i fylket, seier ein nøgd leiar.

Nokon likar å framstille landbruket som ein gjeng med sytarar, men tilskipinga på Sandane syner eit heilt anna bilete av kva næringa står for.  - Eg ynskjer å gje ros til arrangørane for eit flott opplegg der maten er i fokus, men der ein også har henta inn mindre dyr for å gje barn og unge høve til å møte desse.

Lik Matamål på Fjesboka så finn du mange bilete