Jan BangenEigarskiftekurset med tittelelen "Skattemessige og menneskelege forhold ved eigarskifte i landbruket” samla både framtidige bønder og brukarar som har drive nokre år. Dei fleste deltakarane var med i to dagar, med debattmøte, faginnlegg, ulike temabolkar og sosialt samvær.

Programmet var praktisk retta, med vekt på kvardagen som ny bonde. Samkøyringa med Agro Hordaland gav også høve til å treffe andre bønder og tillitsvalde i samvirket.

I løpet av kurset hadde Per-Asbjørn Andvik frå Gjensidige ei orientering om forsikring, og leiar i Hordaland Bondelag, Frøydis Haugen, snakka om livet som bonde og bondelaget.

Kurs for unge bønder og andre gjeremål som føl opp nye næringsutøvarar, er ei prioritert oppgåve for Hordaland Bondelag. Vi har hatt fleire samlingar lokalt, og regionalt Unge Bønder-kurs om lag annakvart år.

Dersom du som nye eller komande bonde har lyst på ein prat, må du berre ta kontakt, anten med fylkeslaget eller lokallaget der du bur.