Midt i brot i jordbruksoppgjeret vart det gjennomført ein stor ryddeaksjon i Lærdal. Ryddeaksjonen var eit samarbeid mellom Lærdal kommune og frivillige lag og organisasjonar. - Eg er imponert over kor mange som møtte opp og deltok for å halde Lærdal rein, seier leiar i Lærdal Bondelag Njål K. Golf. 

Det var ikkje berre plast som vart rydda i Lærdal, her vart alt som ikkje høyrer heime i naturen rydda vekk.