- Totalt har me rydda ca 25 km med vegstrekningar i Breim, både E39, Fv 60 og Fv5736, samt nokre kommunale vegar, seier leiar i Breim Bondelag Arne Frode Øvreseth.

Med seg på ryddeaksjonen hadde dei bygdekvinnelaget. - Dei bistod og gjorde mesteparten av jobben, so vi har difor bestemt at dei skal få midlane som takk for innsatsen. Pengane skal gå til bord og benkar i eit turområde ved Byrkjelo, og kjem slik alle innbyggjarane til gode.  

Det var ein noko grå og fuktig dag då Breim Bondelag og bygdekvinnelaget hadde sin ryddeaksjon, men smila var på plass og innsatsen stor. 

Det vart ein god fangst på ryddeaksjonen i Breim.