Plastryddedag på Sørbøvågen
Fjaler og Hyllestad Bondelag arrangerte ryddeaksjon på Sørbøvågen i slutten av mai.
Laurdag 22.mai arrangerte Fjaler og Hyllestad Bondelag saman med Øen Grendalag ryddedugnad på Sørbøvågen. Ein fin gjeng på 15 personar var med og rydda i strandsona og oppmot hovudvegen. Plast og anna boss vart samla inn for å leverast på miljøstasjonen. Bondelaget stod for drikke og noko å bite i, samt sponsa 4 pakkar med jord og kompost for at blomsterbeda skal sjå fine ut.
Ikkje berre landbruksplast som dukka opp, alt vart rydda vekk.
Leiar i Fjaler og Hyllestad Bondelag, Camilla Avedal Ulvik var godt nøgd med innsatsen og oppmøtet på dagen.