Det var godt oppmøte på årsmøtet i Nordsida Bondelag sist veke.  Møtet vart skipa til i Ungdomshuset Fjellvarden på Fjelli.    Covid 19 sette ein stoppar for mykje av den planlagte aktiviteten i lokallaget i 2020.  Difor var det kjekt å kunne møtast att på lokallagsårsmøte.  

Normalt plar laget skipe til fleire bondekafear som dessverre ikkje vart noko av våren 2020.   Før nedsteninga i mars rakk laget å ha medlemsmøte på tema jordbruksforhandlingane.  Noko som hadde vore ein kveld med god prat og mat.  Laget har gjennomført styremøte og leiar har delteke både på regionmøte og på fylkesårsmøtet til Sogn og Fjordane Bondelag. På fylkesårsmøtet fekk laget gåve for positiv medlemsvekst i 2019.

Nokon av deltakarane på møtet

Ny leiar Per Erik Ulvedal saman med avtroppande leiar Jorunn Beinnes Roset.  Takk for innsatsen Jorunn :)

Jon Rune Heimlid vart vald til ny styremedlem.

.